tilbake

 KOLLTVEIT SKULE                                  MØTEBOK                                      BLAD:1-2

For

SAMARBEIDSUTVALET

Møtestad

MØTEROMMET

Møtedato

03.10.11

Frå kl.18.0 0

Til kl.20.00

 

TIL STADES PÅ MØTET

 

Medlemer

(Gje evt. opp kven som er fråverande)

 

Anne-Lisebeth Økland, Linda Midtkandal, June Indrevik, Anja Njøten, Tore Aase Brekke, Anne Lise Hjartåker og Berit E. Andersen

 

 

 

 

Varamedlemer

 

 

 

Andre

 

 

 

 

SAKER SOM VART HANDSAMA

 

             

                         SU sak  01, 02, 03, 04, 05, 06/2011-12

 

UNDERSKRIFTER

 

Eg stadfester at møteboka er ført i samsvar med det som vart bestemt på møtet.

 

                            Kolltveit skule, 19. oktober, 2011  

                                        Berit E. Andersen

 

 

UTSKRIFTER

Hovudutskrift er send til: Medlemene i SU/FAU, klassekontaktane, tillitsvalde på arbeidsplassen, Skulesjefen

 

   

KOLLTVEIT SKULE                                  MØTEBOK                                      BLAD:2-2

_________________________________________________________________________

 

Sak 01/11-12    GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE:

 Godkjend utan merknader

 

Sak 02/11-12      KONSTITUERING

Anne Lisebeth Økland, leiar av FAU, vart vald som leiar av SU.

Linda Midtkandal, nestleiar i FAU, vart vald som nestleiar i SU.

Rektor er skrivar.

                                                               

Sak 03/11-12      SKULEN SINE ORDENSREGLAR

Det var 2 framlegg til endringar; eitt frå elevråd og eitt frå personalet.

Frå elevråd:

Nytt strekpunkt under pkt. 1 som lyder:

-          barn og vaksne syner respekt for kvarandre.

 

Ordlyden i pkt. 3 vart endra slik at  han vart meir i samsvar med prinsippa i TSK . Nytt pkt. 3:

Alle elevar har rett til eit roleg og trygt læringsmiljø. Det vil seie at all inneaktivitet går roleg føre seg utan springing og roping.

 

Ordensreglane vart vedtatt med desse endringane.

               

Sak 04/11-12      TILBAKEMELDING PÅ ELEVUNDERSØKJINGA SOM 7. KL. GJENNOMFØRTE VÅREN 2011.

Skulen er rimeleg godt nøgd med resultatet. Alle punkta har eit resultat som ligg på gjennomsnittet eller over snittet for  land, fylke og kommune. På punktet ”Fagleg veiledning” ligg vi framleis litt under, men har framgang i høve til året før.

 

June gjorde framlegg om å gjennomføre undersøkjinga både i 6. og 7. kl. for å kunne arbeide med eigne resultat og sjå på utviklinga frå 6. til 7. kl.

Berit tar dette opp med lærarane i 6. kl.

 

Sak 05/11-12      SAKER FRÅ SKULEN.

a) Anja orienterte om  arbeidet med TSK. Ho og Arne er koordinatorar for arbeidet og har 1 t/v kvar til dette arbeidet.

Vi har fokus på felles reglar, tydeleg oppfølgjing av reglane,  positiv fokus. Vi ser også at TSK høver godt saman med ZERO.

b) Det vert tydelegare fokus på SOL (systematisk observasjon av lesing) dette året. Alle elevane skal ”solast” og følgjast opp i høve til resultatet.

Ruth og Anne-Helen er koordinatorar for dette arbeidet.

c) Vi er i gang med nasjonale prøver i 5. kl.  Testing av lesedugleik er gjennomført. Den digitale engelsktesten fungerte ikkje, og vi får no høve til å gjennomføre den utan at resultatet vert  offentleggjort. Gjeld for heile landet.

Testing av reknedugleik vert etter haustferien.

d) Vi merkar innstrammingar i budsjettet. Førebels har dette ført til færre delingstimar til språkdeling og 2.-pedagog i 1. kl.

 

Sak 06/11-12      SAKER FRÅ FAU.

-          FAU arrangerte eit kombinert årsmøte/temamøte i september. Ein person frå Barnevakten snakka om barn og nettbruk. Med tanke på at dette er eit svært aktuelt tema, var FAU skuffa over dårleg frammøte. Temaet er også vanskeleg å diskutere i foreldregruppa.

FAU utfordrar skulen til å invitere Barnevakten  for å snakke om nettbruk/nettvett  på mellomsteget.  Dei betaler.

Tore tar dette opp med lærarane i 5. – 7. kl. og tar kontakt med Anne-Lisebeth.

-          18. november arrangerer FAU discotek for mellomsteget.  Dei utfordrar elevråd til å lage invitasjon til dette.

 

Det vert nytt møte måndag, 28. november.