|
|
KOLLTVEIT SKULE
Kolltveit skule ligg
i Fjell kommune på Sotra. Skulen er ein barneskule for 1. - 7. klasse med
elevar frå bygdene Kolltveit og Bildøy.
Kolltveit skule vart tatt i bruk skuleåret 1975/76. Den gongen var det ein stor og moderne skule og i tillegg til 88 elevar, var det også plass til spesialavdeling og PPT.
I åra som følgde, vaks elevtalet jamnt og trutt som følgje av utbygging, og tidleg på 90-talet var skulen sprengd, og det vart funne mange kreative løysingar medan ein venta på utbygging.
I 1998 stod eit tillbygg til 6-åringane ferdig, og i 2003/2004 fekk skulen eit tilbygg på 650 kvm, medan heile gamlebygget vart rehabilitert.
I skuleåret 2011/12 har skulen 161 elevar. Dessutan er det 3 personar i
administrasjonen, 15 lærarar og 6 assistentar som har arbeidsplassen sin her. I tillegg har vi lærling som utdanner seg til barne- og ungdomsarbeidar.
Kolltveit skule har eit variert nærområde med både fjære og ferskvatn, eit lauvskogområde og utmark med tradisjonell vegitasjon som lyng og brake. Desse områda vert mykje brukt i undervisninga.
Frå 2004 har skulen vore med i antimobbeprogrammet "Zero".
Vi ønskjer at Kolltveit skule skal vere "ein god stad å vere og ein god stad å lære - for liten og stor", og vi prøver å synleggjere dette i skulen sin verksemdsplan.
|