Redd Barna - TV-aksjonen

Torsdag 16.oktober arrangerte vi bokkafe mellom kl.16.00 og 19.00. Det vart seld avlagte bøker frå skulebiblioteket, med titlar som fekk fram gode minne hos foreldregenerasjonen. Elevane i 1.-4.klasse hadde også laga måleri og tova eple som dei selde denne ettermiddagen. Det var høve til å kjøpe kaffi og vaflar eller kake. Mange møtte opp, og det vart ein triveleg stund for både store og små. Vi fekk inn 18.566 kr til "Redd Barna".

Bilete frå "Bokkafeen", i tilfeldig rekkjefølgje:

Elevar i 3.klasse sel måleri. Elevar i 5.-7.kl. tek seg av boksalet. Det smakte med kaffi og kake.
Alle epla vart selde. Kakebordet før salet starta. Det var mange bøker til sals.
Det var stort frammøte. Epla til pynt i ribbeveggen før salet. Ein del av måleria før salet.