Landro skule er ein TLG
skule.
Visjon for skulen vår er:
- tryggleik - læring
- glede -


Med tryggleik meiner vi:
-
Elevane er trygge på seg sjølv og dei rundt seg. Klassen er den trygge
ramma i skulekvardagen. Difor er det viktig å arbeida for godt og trygt
klassemiljø.
-
Elevane skal òg kjenne seg trygge ute i lag med alle elevane på
skulen. Elevane skal bli kjende med elevar frå andre klassar. Dette kan
skje gjennom undervisning i aldersblanda grupper og i kor - og danseøkter.
Veneklasse-aktivitetar fører òg til auka trivsel og tryggleik.
-
Elevar som gjer medelevane sine utrygge må passast ekstra på, event.
få andre alternativ i friminutta.
-
Positive grenser skaper tryggleik. Difor skal vi innarbeida gode rutiner
i klassen og i friminutta. Skulereglane og klassereglane skal vera tydelege
og kjende for elevane.
-
Dei vaksne skal vera synlege. Trygge vaksne gjev oftare trygge barn.
Difor skal vi arbeida for eit trygt arbeidsmiljø for personalet ved skulen.
+
Med læring meiner vi:
-
Læring er å opparbeida seg varig kunnskap. Læring er forandring.
-
Læring er at elevane ved attforteljing viser at dei kan bruka det dei
har lært.
-
Vi legg til rette for kunnskapslæring og sosial læring.
-
Det er viktig for god læring at lærar har god kompetanse innan
faget og at det vært nytta ulike læringsstrategiar for å nå den
einskilde elev.
-
Tryggleik fremmer læring.
-
Der finns mange vegar mot målet. Vi tek utgangspunkt i den enkelte elev,
og målet er at elevane får individuelt tilpassa undervisning.
Med glede meiner vi:
-
Vi skal sjå kvar enkelt elev og gjennom "strokes" visa at vi
bryr oss, eit venleg klapp på skuldra eller stryk på kinnet er viktig.
-
Vi skal vera rause med positiv oppmuntring og venlege ord.
-
Elevane opplever glede når meistring deira blir forsterka.
-
Gladagen er sentral i skuleveka
-
Vi nyttar humor når det er naturleg å gjere det. Humor opnar dører.
Kortaste vegen mellom 2 menneske er eit smil.