
På Angeltveit er det no store endringar på gang. Mange nye hus kjem opp i det som
før i tida var utemarka til folk på Angeltveit. Då låg dei fleste husa nede
mot Angeltveitsjøen. Her var det god hamn, og framleis er det ein idyllisk stad. Ta
deg ein tur ned mot Angeltveitsjøen ein fin vårdag så vil du forstå kva vi snakkar
om. Det er fleire fine turstiar i området, og dersom du er heldig kan du også finne
nokre jettegryter ved Angeltveitsjøen. Ein sti går også i utemarka mot nord, og då
kjem du heilt tilbake til Landro skule.
Etter at bilen og køyrevegane innover øya vart viktigare for folk sette dei også
opp hus lengre frå sjøen. Nye hus som kjem til blir plassert meir sentralt på øya, og
på Polleide er det eit stort nytt byggefelt. Ei ny lita bygd står snart klar.

* Finn fram til jettegrytene på Angeltveit. Studer dei og skriv litt om det du ser.
* Kvifor vart slike formasjonar i fjellet kalla for jettegryter?
* Prøv om du kan finne stigen som går frå Angeltveit og til Landro.
* Dersom det er mogeleg kan du kanskje laga eit intervju med folk som jobbar på ein
av verksemdene som held til på Angeltveit. Hugs å få til ein avtale på førehand.
tilbake til heimstaden min