LANDRO


BILETE FRÅ LANDRO

LANDRO SKULE
Les meir om Landro skule på skulen si heimeside.
Landro skule vart bygd i 1962-64,men han er utbygd fleire gonger etter det. Siste
utbygging var i 1997. Store delar av skulen brann 23. februar 1995, og ein del av
skulen måtte rivast og byggast opp på ny. Før den tid gjekk elevane på det som i
dag vert kalla for "Gamleskulen".

For folk i dag, som kjem køyrande i bil når dei skal noko, er det kanskje rart å sjå at
skulen låg langt ute i utemarka. Grunnmuren til "Gamleskulen" står framleis att. Her
har Landro skule ein fin base for uteskuleaktivitetar.

LANDRO I GAMLE DAGAR
Her er litt informasjon om folk på Landro før i tida.

LANDROVÅGEN
Tek du første veg til venstre etter at du har passert skulen kjem du ned mot
Landrovågen. Sjølv om vegane no ofte ligg langt inne på øyane er det først når du kjem
ned til sjøkanten at du kan få eit innblikk i korleis livet arta seg her før i tida. Både
ferdsel og daglegliv gjekk føre seg ved og på sjøen. Båten vart nytta både til arbeid
og transport.
Aktuelle linkar om kystkultur og kulturen i Hordaland.

LANDRO KYRKJE
Landro kyrkje vart bygd i 1977. Ho ligg fint til midt i Landrobygda. Kyrkja er
bygd som ei moderne arbeidskyrkje.
Kyrkja har i mange hundre år vore ein stad der musikken har vore viktig, både
i sjølve gudstenesta, men også i samband med andre arrangement.


SMIA
Litt nord for vegen til Landrovågen ligg det ei gamal smie. Smia er ikkje i drift i
dag, men var i bruk heilt fram til 1965.

FUGLAVATNET
Like ved den gamle skulen på Landro finn vi Fuglavatnet. Her er det både fisk i
vatnet og rikt fugleliv.

OPPGÅVER

* Bruk søketenesta KVASIR. Skriv "Sotra". Her vil du finne linkar til ein
del aktuelle sider om Sotra. M.o.a. finn du ei side om Kyrkjelydane i Fjell.
Du finn også sider om jakt og fiske. Prøv.


* Prøv om du kan finne ut meir om dei verksemdene som held til i bygda.


* Snakk med personar som har budd på Landro ein del år. Finn kva for verksemder
som var her før. Finn også fram til dei butikkane som ein gong var her.

 

tilbake til HEIMSTADEN MIN