
Over alt i verda bur det menneske. Mange menneske bur i store byar, mens andre bur
på landsbygda. Felles for veldig mange av oss er at vi syns at heimstaden vår er ein
av dei beste plassane på jorda. På denne sida finn du litt informasjon om Landro
skulekrins og dei bygdene som høyrer til. Meininga er at elevar, både dei som høyrer
til Landro skuleområde og andre, kan finna stoff om heimbygda vår.
Utgangspunktet er at elevane ved vår skule skal få kunnskapar om sitt eige nærmiljø,
men vi vil gjerne ha innspel og tilbakemeldingar frå andre som er innom sidene våre.
Send oss e-post: dersom du har noko på
hjarta.
Landro skule ligg nord på Sotra i Fjell kommune. Sotra er ei langstrakt øy som ligg i
Hordaland fylke, like vest for Bergen. Dersom du er i Bergen køyrer du vestover på
riksveg 555 og du kjem snart til Sotrabrua. Følgjer du riksvegen vidare passerer du
etterkvart Straume og Bildøy. Turen går vidare gjennom Kolltveit-tunnelen, før du snur
mot nord på riksveg 561, eller Øygardesvegen, som han også vert kalla. Du passerer
Kolltveit,Knappskog og Ågotnes før du skal ta av frå riksvegen like etter Ågotnes
hotell. Køyr gamlevegen mot Solsvik, forbi Ågotnes skule, og etter ca 2 km ser du
Landro skule på venstre side.
Fjell kommune er ein del av NORDSJØLØYPA.
Her finn du stoff om dei ulike bygdene som høyrer til vår skulekrins med linkar til
andre emne som vi meiner kan vera aktuelle når ein arbeider med
HEIMSTADEN MIN.
Etterkvart som elevane våre er innom dette emnet vil dei presentere ein del av arbeida sine
her. Målet vårt er at elevane våre skal lære mest mogleg om den staden der dei bur, samtidig
som dei får øving i å legge nokre av resultata sine ut på nettet, til glede for andre elevar.