SOLSVIK


BILETE FRÅ SOLSVIK

Dersom du hadde gått i land på Solsvik for nokre hundre sidan ville du nok ha funne eit
lite fiskarsamfunn. Inne i vika låg det nokre naust i le for vind og vêr. Folk dreiv på
med sine daglege sysler. Båt og fiske var viktig for befolkninga, her som på resten av Sotra.
Ei tid seinare vart det store endringar på Solsvik. Sildeindustrien skyt fart, og Solsvik
vart etterkvart ein av dei første industritettstadane på kysten her i Hordaland.
Vintersildfisket vart ein viktig inntektskjelde for folk som budde her ute ved kysten.
Korleis er det i dag? Er det framleis stor aktivitet på Solsvik? Rundt 1970 var det slutt på det
eventyrlege sildefisket. Samfunnet var også i endring på andre måtar. Sotrabrua kom i 1972,
og by og land fekk etter dette tettare kontakt. I dag er Sotra ein del av omlandet til Bergen,
og dersom folk frå Solsvik skal ein tur til Bergen, ja, så tek dei bilen. Dei er i sentrum
på ein knapp halvtime.

Før i tida var kaien på Solsvik ein viktig møteplass. Store og små båtar var innom, og
heilt fram til 1984 gjekk ferja i fast rute frå Solsvik. Ferja gjekk på nord, og på veg
mot Rongesundet var ho innom Vikavågen. Folk i Øygarden møtte tidleg opp når dei
ville vera med ferja. I tillegg var det mykje anna folk som tok turen ned på kaien når
ferja skulle gå. Både i Solsvik og nordover i Øygarden var kaien ein stad der ein kunne
få høyra nytt. Her traff dei kjende som skulle avgarde og folk som kom heim att.
Kanskje hadde dei vore ein tur i Bergen? Rutebåten frå Bergen brukte nokre timar på turen,
så folk hadde god tid til å prata med kvarandre på turen.
Nokre år seinare var det også slutt på båtruta til Turøy
Ein av dei siste båtførarane var Per Landro.

OKSEN

Når du kjem køyrande over brua frå Misje ligg det ein stor, ny rasteplass like ved
vegen. Staden vert kalla for "Utsikten".Stansar du her ser du Solsvik nedanfor deg. Flyttar du blikket kan du sjå
mot havet i vest.
BILETE FRÅ UTSIKTEN

Ser du godt etter vil du leggje merke til at det ligg eit stort hus på
ei av øyene utanfor Solsvik. Dette vert kalla "Oksen". Namnet har det fått .......
Hotellet på Ågotnes driv staden i dag.

ELVEBAKKEN

Tek du første veg til høgre etter rasteplassen ved Solsviksundet kan du følgje
Elvebakken ned til Solsvik. Like etter at du har svinga av frå Øygardsvegen legg du
merke til det som ein gong var Solsvik Sandindustri.

OPPGÅVER

* Finn ut kva for verksemder som låg i Solsvik før i tida.
* I dag er det mange folk som har arbeidet sitt andre stader, t.d. på Sotra eller
i Bergen. Finn ut om det framleis er nokon som driv eigne verksemder i Solsvik.
* Ta kontakt med hotellet på Ågotnes. Finn ut om dei kan fortelja deg noko om
Oksen. Kva tilbod har dei til gjestane i dag?
* Snakk med folk som kan fortelje deg noko om det store sildefisket, eller leit
etter informasjon andre stader.
* Kvifor vert vegen som går frå Øygardsvegen og ned til Solsvik kalla for Elvebakken?
* Kvifor trur du at Solsvik har fått namnet Solsvik?

tilbake til HEIMSTADEN MIN