SKULEFRITIDSORDNINGA

SFO-VEDTEKTER

SØKNADSKJEMA



SKULEÅRET 2010 2011

Landro skulefritidsordning (SFO) er eit frivillig fritidstilbod før- og etter skuletid for skuleborn i 1.til 4. klasse. Funksjonshemma barn i 1. - 7. klasse kan òg søke om plass.
Skulefritidsordninga gjev i år eit tilbod til born på oml. 24 timar i veka fordelt på 5 dagar.
Skulefritidsordninga tek til kl. 07.00 – kl. 08.15 og etter skuletid kl. 12.10 – kl. 16.30 ,  kvar måndag  og  onsdag frå kl. 14.00 - kl 16.30 . 
Skulefritidsordninga har ope 190 skuledagar. Dersom ein ønskjer plass i SFO i haust -og /eller vinterferie , er tilbodet i år ved Knappskog, Foldnes og Brattholmen skular.

Dei som ønskjer å nytte seg av tilbodet, må søkje særskilt om dette. Det vil bli sendt ut søknadskjema når det nærmar seg feriar.

NB!: SFO HAR STENGT NÅR SKULEN HAR FRI.

Dei aktuelle dagane er:

      

 

 

Foreldrebetaling.

 

              Heil tid:                                                                    kr. 1.750,-      

              Delt                                                                          kr. 1.250.-

SFO pr.veke i vinter-/haust-/sommerferie                                                   kr. 700.

Det blir gitt 25% søskenmoderasjon for det andre barnet og 50% for det tredje. Det blir ikkje gitt søskenmoderasjon i ferievekene. Det blir betalt for 10 mnd. pr. år. Betalingsfristen er den 30. i månaden.
Første innbetaling med forfall 30. sept gjeld 1 1/2 mnd. (august og september). Siste innbetaling gjeld ein halv månad (juni). Dersom foreldre/føresette ikkje har betalt for opphaldet dei siste 3 månadene, vert barnet sagt opp og misser plassen i sfo. Dersom eit barn blir henta etter opningstida (kl. 16.30), skal foreldra betale kr. 250 pr. påbegynte time.

 

PERSONALET:

Personalet i fritidsordninga er samansett av rektor som har
det pedagogiske og økonomiske ansvaret og :

Dagleg leiar:                                 Kjersti Andersen Fjeldstad
Barne - og ungd.arbeidar             Else Hesvik
Barne - og ungd.arbeidar            Renate Dyrøy
Assistent :                                    Randi Algrøy
Assistent:                                    Britt S. Turøy
Assistent                                     Eli Landro Lundøy
Assistent                                    Iren Eide
Assistent                                    Monica Hakestad Sæle
Assistent                                    Dumitra Bute-Solsvik          
               

Rammeressurs:

Gruppa er i år samansett av 68 barn frå 1-4 klasse:
Vi er delt inn i 2 basar der klasse 1a-2b og 3b utgjer base "MAURTUO"
og 1b,2a, 3a og 4.kl er base "BIKUBEN"

Vi  er samla i desse basane etter skuletid når vi har barnemøte og når vi et.  

Ulike rom sfo disponerer:
BIKUBEN: sfobasen,Oksabåsen og kjøkkenet
MAURTUO: Brekko og Kalvadalen

Andre rom: gymsal, bibliotek, datarom og grendarom

 

UTEOMRÅDE/ TUR

SFO kan bruka heile uteområde som høyrer skulen til, i tillegg er her gode høve til å gå på tur i nærområdet. Vi har ikkje fast turdag, men tar det meir "på sparket". Vi ser det som like "verdfullt" å leike ute på SFO.

MÅL FOR LANDRO SKULEFRITIDSORDNING

Skulefritidsordninga skal dekke fleire funksjonar i barna sin kvardag, og vi prøver i det pedagogiske arbeidet å ta omsyn til at borna har ulik alder, bakgrunn og personlegdom.

Ei sentral oppgåve for SFO er å ha tilsyn med og vise omsorg for borna i den tida foreldrene/føresette er på arbeid. Vi legg vekt på at kvart enkelt barn skal kunne føle tryggleik og varme, forståelse og trøyst- der dei vaksne "ser" barna og er oppmerksam på deira ulike behov. Her må dei få hjelp, trøyst og oppmuntring når dei treng det.

Dersom det oppstår konflikter mellom borna, eller nokon blir plaga eller terga, må dei veta at dei kan koma til ein vaksen og få hjelp. Men det er klart at vår bemanning i forhold til antall born mange ganger gjer det vanskeleg å kunne ta seg tilstrekkeleg tid til denne personlege omsorga. Blant anna difor ser vi det som ei viktig oppgave å trena borna til sjølvstende og til sjølv å kunne løyse sine eigne konfliktar.

Dei blir i det daglege oppmuntra til sjølv å organisera sine eigne leikar, og blir vist tillit og ansvar når det gjelder å utføre ulike arbeidsoppgåver på eigen hand. I tillegg til dei individuelle omsyn som må prege SFO, meinar vi det er viktig å arbeide for fellesskapstanken. For at SFO skal fungere er det nødvendig at borna lærer seg å ta omsyn til kvarandre, og til dei vaksne som omgir dei, vi prøver å komme fram til fornuftige reglar for åtferd og for deling av arbeid som skal ivareta interessene til alle.

Vi meinar hovudprinsippet bør vere felles arbeid og felles gleder, men at både born og voksne får fungere ut frå eigne forutsetningar.

Tryggleik vert skapt ved at borna veit kva som skal skje ved SFO, og at dei veit kva som vert venta av dei. Det prøver vi å oppnå ved ein fast dagsrytme, vekeplan og ved faste grenser/reglar for kva som er lov og ikkje lov ved SFO. Dei vil få ansvar i forhold til enkle praktiske oppgåver som å dekka bord og halda orden på garderobeplassen sin.

 

Målet er å gi borna høve til variert leik og anna verksemd, ute og inne. I SFO skal borna i størst mogeleg grad få høve til å sjølv velja kva dei ønskjer å gjera . Borna i SFO er svært initiativrike og finn på mange aktivitetar på eiga hand. Det er difor viktig at vi i SFO ikkje blir for organiserte, og tek frå dei gleden ved å finna på ting sjølv. Dette gjeld aktivitetar både ute og inne. Vi prøver å finna ein balanse der dei vaksne kan vera idèskapara, samtidig som dei støtter barna i deira idèmangfald.

Ein viktig del av barns kvardag er "frileiken", og dette prøver vi å leggja til rette for. "Frileiken" er lystbetont og på barnas premissar. Her utviklar barna seg sosialt og lærer gjennom eigne erfaringar. Denne leiken "styrer" barna sjølv, men dei vaksne kan delta både dirkte og indirekte etter behov.

Personalet si oppgåve blir derfor særleg å legge forholda til rette for å skape eit trygt og triveleg leikemiljø. Her skal borna få hjelp til å organisere sine eigne aktivitetar, oppmuntring til sjølvstendig initiativ og til å bruke sin skapande fantasi. Samtidig vil vi ha tilrettelagde aktivitetar, og barna vil få oppgåver og ansvar som er naturleg i ein slik utvida "heim".

 

 

DAGSRYTME:

Kl. 07.00:                         Opning. Frukost er heimen sitt ansvar, men dei som ikkje har ete, får anledning til det.
Kl. 07.30:                         Stille aktivitetar som lesing, spill eller liknande.
Kl. 08.00:                         Vi ryddar og lagar oss klar til skulen.
Kl. 08.10:                         Vi går ut.

Kl. 08.15 – Kl. 12.10       tysdag, torsdag og fredag. Stengt

Kl. 08.30 - KL. 12.00      Kontortid  tysdag, torsdag og fredag tlf. 55097894

Kl. 12.10:                         Barna kjem til SFO og kryssar seg på lista " si" og går ut.(anna kvar måndag og kvar onsdag kjem dei kl. 14.00.
Kl. 12.20.                         Barnemøte . Sjå kven som er komen og ta imot beskjeder.
Kl. 12.30                          Leksetid – aktivitetar – fri leik – utetid etter ønskje,
                                         vaksne ser til dei som er ute.
Kl. 13.45                          2 barn og ein vaksen dekker borda. 
Kl. 14.00                          Mat.
Kl. 14.30                          Etter mat ryddar to barn og ein vaksen, går på rundgang. Sjå eiga liste.
                                         Vi har fast utetid etter maten. Born og vaksne er ute.
Kl. 15.15                          Inne/ute etter ønskje. Barna begynnar å gå heim.
                                         Rolege aktivitetar inne- nokon er framleis ute.
Kl. 16.00                          Rydding ute/inne.
Kl. 16.30                          SFO stengjer.

 

Vi har ikkje faste dagar vi bruker gymsalen. Vi kan bruke den som vi ønskjer etter skuletid

Det blir lagt til rette for at barna kan få gjera lekser, ein vaksen har tilsyn, men vi hjelper dei ikkje. Dette for at foreldra må ha oversikt med kva barna kan og ikkje kan. Sidan barna må kunna jobba sjølvstendig med leksene, passar dette best for 3. og 4.klasse.
Leksene gjer dei på kjøkkenet.

Vi kan disponera grendarommet, og her vil vi laga til eit opplegg for 3. og 4.kl., TLG - dag

Borna må få med seg eit sett byteklede og innesko som er merka med namn. Det er også viktig med støvlar og regnklede.

Meldingsboka må nyttast når barnet er borte frå SFO, når det skjer endring med den avtalte hentinga og når barnet skal ha fri frå SFO.

Evt. kan ein ringja og gje beskjed.

Samarbeid mellom SFO og heimen er nødvendig for at barna skal ha eit best mogeleg utbytte av tida på SFO.

Foreldremøte vert det tidleg på hausten, og dersom det er ynskje om det kan vi også ha individuelle foreldresamtalar.

NB!!

Hugs å gi beskjed til ein vaksen når borna blir henta

Viktige telefonar:
Landro skule: 55097890
Landro SFO : 55097894.
Landro SFO i utetida frå kl. 14.30: mob 99109733

 

Helsing

Landro skulefritidsordning " Bikuben" og "Maurtuo"

 

ÅRSPLAN LANDRO SKULEFRITIDSORDNING

HAUSTEN 2010

AUGUST - SEPTEMBER - OKTOBER

Bli kjende med kvarandre og læra namn. Bli kjent i sfo, innøve reglar og rutiner. Vera mykje ute, mykje frileik . Ulike leikar og ballspel der vi lærer spelereglar. Ulike spel og leikar inne. Tur i nærmiljø. Samla materiale frå naturen til å laga noko av.

NOVEMBER - DESEMBER

Ulike spel og aktivitetar inne og ute. Formingsaktivitetar og sløyd. Mykje frileik ute og inne. Bibliotek - fast lesedag. Juleverkstad, pynta til jul, julekos

VÅREN 2011

JANUAR - FEBRUAR

Inneaktivitetar med mykje handarbeid - saum,veving,strikking,persling,hekling og tresløyd.
Uteaktivitetar med akebrett og ski

MARS - APRIL

Lage påskepynt, plante blomsterfrø, gå på tur i nærmiljøet

MAI - JUNI

Mykje uteleik, ringleik,sangleik,ballspel,hoppetau,paradis, fotball. Skogstur og tur til sjøen.
Vi må ta imot dei nye 1.klassingane til neste år og visa dei rundt i sfo.
Vi ryddar i utstyret vårt og avsluttar uferdig arbeid. Rydda, vaska og ordna i skuffer og skåp.
Vi skalha sommaravslutning med mykje kos

TILBAKE TIL HOVUDSIDE