TIL FØRESETTE
LEKSEHJELP FOR
1. – 4. TRINNA SKULEÅRET
2010-2011
Måndag – torsdag får elevar på 1. – 4. trinna tilbod om frivillig
leksehjelp.
Kvar klasse får ein assistent (leksehjelpar) som skal gjennomføre
lekseøktene.
1.
Leksehjelpa tek til direkte
etter 5. time måndag – torsdag, varer i 30 min. og er til vanleg lagt til
klassen sin base.
2.
Læraren / kontaktlæraren
(lekserettleiaren) gjer klart for elevane og leksehjelparen kva som skal gjerast
i leksehjelptida.
Kontaktlæraren har ansvaret for å førebu innhaldet i leksearbeidet.
Dersom det viser seg formålstenleg vil leksearbeidet bli innordna i
vekeplanen, eller leksearbeidet får eigen vekeplan.
3.
Elevar som skal direkte til
SFO og/eller som ikkje tek del i leksearbeidet, vil også få orienteringa
om kva som skal gjerast i lekseøktene. Slik
får alle elevane god føresetnad for å kunne gjere leksearbeidet.
4.
Skuleskyssen går etter
lekseøkta. Elevar som ikkje tek del
i det frivillige leksearbeidet,
-
går til SFO dersom dei er innmelde der
-
får tilsyn fram til skuleskyssen går
5.
Leksehjelptilbodet skal
vere eit tilbod om hjelp til skulearbeid uavhengig av om elevane har
lekser i tradisjonell forstand eller ikkje. Leksene
kan vere ”til i morgon/denne veka” eller innebere meir langsiktig generell
øving i ulike fag / disiplinar. Aktiviteten skal vere av ein art som tilseier
at eleven vil kunne gjere leksene utan skulefagleg rettleiing.
Skulen har ikkje teke over den rolla som føresette har i å hjelpe
barna med skulearbeidet. Foreldre må såleis føre tilsyn med at leksearbeidet
faktisk blir gjort, då lekseøkta kan bli nytta til anna enn aktuell lekse til
neste dag.
6.
Leksehjelpa har bindande påmelding,
såleis blir det ikkje eit drop in-tilbod for elevane der dei kjem når det
passar. Ved fråvere skal eleven
levere melding frå føresett. Ordensreglane
for skulen gjeld også i lekseøkta.
Tilbodet om frivillig leksehjelp er eit viktig verkemiddel når det
gjeld målsetjinga for skulen som auka læring, sosial utjamning og tidlig
innsats.
Modellen som er skissert over kan bli justert gjennom skuleåret.
Mvh
Hans Rasmussen
rektor
31.05.2010