Misje

        Nordsjøløypa, vandringsvegar i kulturlandskapet.
ca. 2 km
       

Løypa på Misje (6) startar etter Solsviksundet bru og går mot nord. Vi tek til høgre frå Fylkesveg 561 og fylgjer den gamle bygdavegen til Misje på vestsida av Kvednavatet.


I elva frå nordre enden av vatnet (7) var det i eldre tider ei kvern. No er kverna borte og vatnet er ein populær badeplass.


                             Kvednavatnet                             

  
                       Nordre enden


Nordsjøløypa går vidare nordover langs bygdevegen til ein steingard (8) på venstre side av vegen. Steingarden er eit markant kulturminne i landskapet, og er utmarksskiljet i sør for gamle Misje-garden.




Vi fortset nordover langs bygdevegen. På høgre side ligg Misje skule og Misje museum.(9). 
Museumet er eit typisk vestlandshus  med utstillingar frå dagleglivet, fiske, industri, frå krigsåra 1940 - 45, utvandring m.m. på 1900-talet.
                                Misje museum


Løypa fylgjer bygdevegen vidare til restane av ein fabrikk og ei saltebu. Mellom anna står fabrikkpipa att (10).

Nordsjøløypa tek så av til venstre frå den gamle bygdavegen og fylgjer eit fint dyrka kulturlandskap vidare fram til ein steingard (11). Dette kulturminnet er skiljet mellom to bruk. Her er det fin utsikt over Hjeltefjorden og landskapet i aust. Vi ser også moloen på austsida av Misje.


                 Mot Hjeltefjorden og moloen


Vidare går løypa mot nord til restane av ein steingard på venstre side (12). Steingarden er skiljet mellom innmark og utmark i nord på den gamle Misjegarden.


Nordsjøløypa fortset så mot vest og munnar ut  i Fylkesveg 561 som går vidare mot Svelgen bru.