Skulen vår

       

Det har vore skuledrift på Misje sidan 1916. Då vart bedehuset godkjend som skulestove for seks elevar, men allereie i 1923 gjekk det 16 elevar i dei primitive lokala. 

Det første eigentlege skulehuset vart bygd i 1926, med kjellar, skulestove og loft som og var bustad for læraren ei tid. Dette huset vart rive i 1955 og sett opp att som bedehus på Vindenes. Ny skule vart bygd for 122.000 kr. Det er det som i dag er den midtre delen av skulen. Elevtalet ved skulen har svinga. I 1960 var det 63 elevar. Dei neste 20 åra sokk talet dramatisk og i 1978 var det berre 6 elevar att. 

Etter at brua over Solsviksundet stod ferdig i  1982, flytta mange Misjeværingar attende til bygda og elevtalet tok seg opp att. Dei siste åra, i 1989 og 2003 er skulen blitt utvida med to klasserom, kjøkken, dusjanlegg, lærarrom, arbeidsrom, kontor m.m. og  dei gamle lokala er pussa opp. Skulen har i dag eit bygningsareal på 792 kvadratmeter. 

(Kjelde: Misje bygdebok av Tore Turøy m/fleire) 

       


Skulen, sett frå nord

  Fredag 13.februar 2003 hadde vi innvielsesfest for nybygget.
  Sjå bilder her.
  Fredag 27. februar hadde elevane sin eigen
   innvielsesfest. Sjå bilder her.