Fjell kommune

Fjell kommune - English

Fjell kommune

 



Opplæringslova § 4A-2:

”Rett til spesialundervisning på grunnskolens område”:  

Spesialundervisning

·        Vaksne med lese- og skrivevanskar og/eller matematikkvanskar

Kartlegging og diagnostisering av lese- og skrivevanskar og/eller matematikkvanskar.

Tilrettelagt undervisning og individuell opplæringsplan.

 

·        Vaksne med erverva skader

Vaksne som har fått hovudskade, kan få tilbod om tilrettelagt opplæring. Det vert utarbeidd ein individuell opplæringsplan i samarbeid med deltakaren og andre som har ansvar for rehabiliteringa. Vaksne som har språk- og uttalevanskar etter erverva hovudskader frå til dømes  hjerneslag eller ulukke, kan få tilbod om utredning og opplæring.

 

·        Vaksne med nedsett funksjonsevne

Vaksne med synsvanskar, hørselsvanskar, fysiske eller psykiske funksjons-hemningar kan søkje om pedagogisk opplæringstilbod.

 

·        Vaksne med lærevanskar

Etter sakkunnig tilråding kan vaksne få særskild tilrettelagt grunnskuletilbod i basisfaga i læreplan for vaksne.

 

Þ Undervisninga er gratis

Skulen sitt mål er å gje opplæring på eit område som er viktig i eleven sin livssituasjon – slik at han/ho kan betre grunnleggjande dugleik og kunnskap.

 

Þ  Den som ønskjer å verte elev, kan sjølv søkje om timar.

Både personale, fagpersonar og pårørande kan vende seg til skulen og søkje om undervisning for eleven. Det er viktig at eleven er motivert for tilbodet.

 

Þ Korleis blir undervisninga organisert?

Det blir gitt opplæring i gruppe eller individuelt.

Eleven sitt behov blir teke omsyn til når timeplanen blir laga.

Det er derfor viktig å vere spesifikk på kva ein vil ha opplæring i, og korleis ein ønskjer tilbodet tilrettelagt.

Vi kan gje eit tilbod på faste vekedagar, eller eit tilbod som i større grad er eit intensivt kurs. Vi prøver å tilpasse tilbodet så langt vi kan.

Þ Kva vil du lære?

Undervisninga tek utgangspunkt i eleven sin situasjon og interesser.

Dette kan vere tradisjonelle skulefag, men kan også vere å meistre kvardagen betre.

Døme på fag:

 

heimkunnskap, engelsk, norsk, matematikk, data, ADL-trening

 

Trur du dette kan vera noko for deg, eller nokon som står deg nær, kan du ringja eller skriva til:

Fjell vaksenopplæring

Pb. 179

5342 Straume

Tlf 55 09 76 70

Fax 55 09 76 71

E-post (til rektor): odd.gjosater@Fjell.Kommune.no

E-post (postmottak): fjell.vaksenopplaring@fjell.kommune.no 

Du finn oss på Straume i Liecobygget 2. høgda

SØKNADSSKJEMA