Tellnes skule

5357 Fjell

Tellnes skule sin historie

Tellnes skule vart bygd i 1972. Hausten 2002 feira skulen 30-årsjubileum, og i den samanhengen vart litt av historien bak bygginga av skulen leita fram.

Snarvegar:
Romprogrammet

Krinsmøte 5/6-37
Krinsmøte 1/5-38
Krinsmøte 28/12-49
Krinsmøte 30/12-49
Krinsmøte 14/12-58
Krinsmøte 2/4-60
Krinsmøte 24/9-60
Krinsmøte 11/8-61
Krinsmøte 10/3-62
Krinsmøte 28/4-62
Krinsmøte 26/10-63
Krinsmøte 31/1-64
Krinsmøte 27/12-65
Krinsmøte 7/11-66
Krinsmøte 6/3-67

Den noverande skulekrinsen for Tellnes skule vart oppretta i 1972 i samband med bygginga av den nye skulen. Fram til då hadde elevane gått på dei gamle skulane på Tellnes og Kallestad. På Tellnes hadde ein alt i 1937 på eit krinsmøte gjort vedtak om å søkja skulestyret om å få nytt skulehus i bygda snarast råd. I åra etter krigen vart det halde mange nye krinsmøte der spørsmålet om ny skule vart drøfta. (Meir frå desse møte finn du lenger nede på sida.) Det var såleis mange års kamp som låg bak den nye skulen då han endeleg stod klar i 1972.

I starten dreidde det meste av spørsmålet på krinsmøta seg om kvar den nye skulen på Tellnes skulle plasserast. På slutten av 50-talet vart det derimot klart at det ville bli aktuelt med ei krinssamanslåing. Då var det ikkje lenger berre spørsmål om kvar skulen skulle plasserast, men korleis den nye krinsen skulle sjå ut. Men var det berre krinsane Tellnes og Kallestad som skulle slåast saman, eller skulle også Fjell skulekrins vera med?

Etter mange møte i krinsen i løpet av 60-talet gjekk ein til slutt inn for at dei gamle krinsane Tellnes og Kallestad skulle slåast saman, og at den nye skulen skulle plasserast i "Snøkaven", som staden heiter. Dette var ein av dei aktuelle stadene som låg mest "i midten" i den nye krinsen.

Romprogrammet
Det første romprogrammet var på 474 m2. Tanken var at det eine klasserommet skulle kombinerast med gymsal. Dette tok Nils Fjell opp i kommunestyret og sa at skulen burde få eigen gymsal. Det vart teke til følgje. Romprogrammet vart auka til 675 m2. Skulen fekk 3 klasserom og ein eigen gymsal i tillegg til to spesialrom: Heimkunnskapsrom og sløydsal.

Ut frå dei innkomne boda frå ulike firma vart byggjeprisen rekna ut til å bli omlag 1,5 mill. kroner.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Nedanfor finn du utdrag av møtebok for krinsmøte, tilsynsutval og samarbeidsutval ved Tellnes skule 1890 - 1970

 

Krinsmøte på Tellnes 5. juni 1937:
Krinsmøte gjorde samrøystes vedtak om å søkja skulestyret om å få nytt skulehus på Tellnes snarast råd.

Krinsmøte på Tellnes 1. mai 1938:
Drøfting av staden for det nye skulehuset. Samrøystes vedtak: Skulehuset bør stå på same plass som no.

Krinsmøte på Tellnes 28. desember 1949:

Plass for det nye skulehuset. 
Ein samla seg om to stader: Nausthaugane på Anton og Mathias E. Tellnes sin eigedom eller vest for Kalvegarden i utmarka til Hans Knapskog, Tomas J. Tellnes og Anna A. Tellnes.
Vedtak:
 
Plannemnda skal tilspørja eigarane og koma med resultatet for nytt krinsmøte fredag den 30. desember 1949.

Krinsmøte på Tellnes 30. desember 1949:

Plass for det nye skulehuset.
Det var sume som ville ha det nye skulehuset på den gamle skulehustomta. Og det vart framsett forslag om dette. Men forslaget fekk berre fire røyster. 12 røysta for at skulehuset skulle flyttast sørover.
    Det vart så ordskifte om tomt på Nausthaugane eller vest for Kalvegarden ved Høyåsen. Ved Høyåsen vert det sikkert råd å få kjøpa grunn. Tomas J. Tellnes og Anna A. Tellnes stiller seg velvillig for sal. Vidare stiller Tomas J. Tellnes seg velvillig for sal av veggrunn for veg over eigedomen sin frå Tellnes-vegen og (opp) fram til (skulehuset) den nye skulehustomten. På Nausthaugane må i tilfelle oreignast tomt.
    Med 14-1 røyst vart det vedteke å byggja det nye skulehuset vest for Kalvegarden ved Høyåsen.

Krinsmøte på Tellnes 14. desember 1958:

Plass for det nye skulehuset:
Det ville vera bra å få sendt melding til skulestyret om å ta saka om nytt skulehus opp, for barnetalet ligg på grensa til 3-delt skule, og då vert det gamle huset for lite.

Fleire alternativ låg føre, og ein drøfta desse, kva som kunne vera mest lagleg. Det vart omtala om plass for eit nytt hus på den gamle skulestaden, ved Høyåsen, Nausthaugane, eller nord mot "Svingen". (Kanskje det vert aktuelt med samanslåing med Kallestad.)
    Krinsformannen hadde òg tala med Tomas A. Tellnes om avståing til skuleplass. Tomas A. Tellnes stiller seg velvillig for sal av eigedom nord for bøgarden på flata der, med "Rundagjerdet" eller vest om vegen nord for Per i Hagen. Der er ein fin stad.
    Skal det verta til samanslåing med Kallestad, bør huset verta nord for Tomas med Garden, nord mot "Svingen".
    Det vart sett fram forslag om plass aust for "Storsteinen" nord for Per i Hagen.
    Det vart samrøystes vedteke å byggja det nye huset aust for "Storsteinen" - nord for Per i Hagen.

Krinsmøte på Tellnes 2. april 1960:

(...) Me gjekk så over til å drøfta samanslåinga av Kallestad og Tellnes krinsar. (...)

Alle var samde om at samanslåing var det einaste rette. Dei fleste meinte at den plassen me hadde peika ut for nytt skulehus var både praktisk og låg fint til. Det rette ville vera å ha eit møte saman med folket i Kallestad krins der me kunne drøfta både samanslåinga og skuleplassen. Ved avrøystinga om samanslåing av Kallestad og Tellnes krinsar, vart dette vedteke samrøystes med 34 røyster.

Krinsmøte på Tellnes 24. september 1960:

Det vart halde krinsmøte på Tellnes skulehus laurdag den 24. september 1960 til handsaming av skriv frå skuledirektøren i Bjørgvin av 28/8-1960, sak 101/60. Saka galdt krinsskipnaden Tellnes - Kallestad - Fjell.
    Alle som hadde ordet i saka, gjekk sterkt inn for det tidlegare samrøystes vedtaket frå krinsen om samanslåing på den staden som representantar for dei to krinsane i samarbeid med planleggingsnemnda var samde om.
    Det var i skuledirektøren sitt skriv peika på at med samanslåing med Fjell krins, kunne ein nytta ut skulerutene betre og kunna få elevtal nok til sjudelt skule med betre høve til engelsk- og husstellopplæring.

Etter krinsen si meining kan skulerutene verta like godt utnytta om Tellnes og Kallestad vert ein krins, for folkeskuleelevane vil lett kunna nytta dei same rutene som elevar ved framhalds- og realskulen eller ved ein framtidig linedelt skule. Den daglege skuletida er ikkje den same for dei ulike skulane, og dersom borna skulle fylgja rutene til eit skulehus langt frå desse to krinsane, ville det verta svært mykje ventetid. Lenger skuleveg, trøyttsame reiser og lang ventetid vil særleg gå ut over borna i småskulen og gjera skulen mindre effektiv. Kostnaden vil også verta større og ulempene fleire di lenger skulevegen er.

I det vidare referatet frå dette møtet argumenterer krinsen sterkt for samanslåing berre med Kallestad krins. Det vert peikt på skulen si rolle som "samlande og kulturberande faktor", samarbeidet mellom skule og heim, som er betre når skulen ligg nært, og det vert vist til at den utvalde skuletomta ligg svært lagleg til for begge krinsane. Vidare vert det nemnt at leiande skulefolk slett ikkje er samde om at sjudelt skule er betre enn firedelt skule. Ved røystinga vart det på nytt gjort samrøystes vedtak om samanslåing av Tellnes og Kallestad krinsar.

Krinsmøte på Tellnes 11. august 1961:

På dette møtet, der kun tolv røysteføre møtte, drøfta ein "plannemnda sitt framlegg til ny krinsskipnad for Fjell i høve utbygginga av den framtidige skulen i kommunen."

Det vart følgjande vedtak, som vart sendt til Fjell skulestyre:

Ein rår til at krinsane Tellnes-Kallestad og Fjell gard vert slegne saman under føresetnad av at det blir bygt nytt skulehus på den laglegaste staden i den eventuelt nye krinsen."

Krinsmøte på Tellnes 10. mars 1962:

Krinsmøtet handsama i møtet skriv frå skuleinspektøren vedkomande overføring av 6. og 7. årskull til Fjell skule. 19 røysteføre hadde møtt fram. 
    Ein vedtok samrøystes (19 mot 0 røyster)
å halda fast på 3-delt skule i Tellnes krins skuleåret 1962/63.

Krinsmøte på Tellnes 28. april 1962:

Saka vedkomande samanslåing av Tellnes, Kallestad og Fjell gard vart handsama. (...) Etter innstilling frå planleggingsnemnda skal Fjell vera skulestaden i den nye krinsen. Ein vil då byggja ut det gamle skulehuset der. Det vart eit lengre ordskifte.

Samrøystes vedtak: 
Me held fast på vårt tidlegare standpunkt om plass for nytt skulehus på den staden byggjenemnda har sett på ved Tellnesskiftet og den gongen godkjende. Me vil ikkje vera med på å byggja på det gamle skulehuset på Fjell.

Krinsmøte på Tellnes 26. oktober 1963:

Ein handsama skulestaden i den nye krinsen Tellnes - Kallestad - Fjell gard. (...) Etter ein del ordskifte vedtok ein samrøystes denne fråsegna: Skulestaden må plasserast i midtpunktet av den nye krinsen, d.v.s. i nærleiken av Tellnesskiftet.

Krinsmøte på Tellnes 31. januar 1964:

Ein handsama skulestaden i den påemna krinsen Tellnes - Kallestad - Fjell gard.

Ved krinsavrøysting 1/12-1963 røysta 119 for "Snøkaven" til skulestad, medan 80 røysta for Fjell.

I skriv dagsett 13/12-1963 tilrår skuleinspektøren Fjell som skulestad avdi det etter hans meining vil bli billegare å byggja på det gamle skulehuset, og ein har skuleplass og kloakk frå før der. Han reknar med at det også blir greiare å ordna skuleskyssane med Fjell til skulestad.

Samrøystes vedtak:
1. Tellnes krinstilsyn vil be skulestyret ta omsyn til krinsrøystinga der eit stort fleirtal røysta på "Snøkaven" til ny skulestad. Ein kan nemna at folka både i Tellnes og Kallestad krinsar mest samrøystes gjekk inn for denne staden.
2. "Snøkaven" ligg i sentrum av den nye krinsen, og det må difor vera rettast å plassera den nye skulen her.

Vidare i vedtaket blir det argumentert med store kostnader med å "lappa" det gamle huset på Fjell og problem med skuleskyss.

Krinsmøte på Tellnes 27. desember 1965:

Saka om skulestad var på ny ute på høyring, og krinsmøtet røysta på nytt for same skulestad og same krinsinndeling (Tellnes + Kallestad) som før.

Krinsmøte på Tellnes 7. november 1966:

På møtet vart det referert brev frå Fjell skulestyre om overføring av elevar. Folket i krinsen skulle uttala seg om dei ønskte ei overføring av elevane frå og med 4. skuleåret til Pollen skule i Sund og Sund ungdomsskule. Møtet gjekk samrøystes mot dette og kravde samstundes at elevane i staden vart mellombels overførde til Ulveset skule. Møtet tok også - igjen - opp spørsmålet om krinsinndelinga i søre Fjell:

Krinsmøtet ser på dette spørsmålet (overføring av elevar) som eit problem som har kome fram av eit anna og meir primært problem, nemleg ei permanent skuleordning for denne søre delen av kommunen. Ein ser det slik at det ikkje nyttar å få i stand eit samarbeid med krinseininga: Fjell gard, Kallestad krins og Tellnes krins. Krinsmøtet krev difor at vedtaket om denne krinseininga vert omgjort, slik at noverande Kallestad krins og noverande Tellnes krins vert slegne saman til ei ny krinseining.

Krinsmøte på Tellnes 6. mars 1967:

År 1967 den 6. mars vart det halde avrøysting i Tellnes krins etter oppmoding frå Fjell skulestyre. Møtet tok til klokka 20 og vart styrt av krinsformann Hans Tellnes.

Saklista for møtet og røystinga var sett opp såleis frå skulestyret:

Vedtaket om krinseininga Fjell gard, Tellnes og Kallestad krinsar vert omgjort såleis at noverande Tellnes og Kallestad krinsar vert slegne saman til ein krins med "Snøkaven" som skulestad.

Det vart gjeve i alt 75 røyster. Alle røysta for forslaget, og som vi veit: Slik vart det. Endeleg hadde folket i dei to krinsane fått den ordninga dei ønskte.

Tilbake