Tellnes skule

5357 Fjell

Skulefritidsordninga (SFO) 

Snarvegar:

Søknad og oppseiing

Elevtal

Telefon

Personale

Hovudmål

Tryggleik

Sosial trening

Dagsrytme

Starten etter skuletid

Måltid

Ekstra klede

Lekselesing

Endringar

Årsplan

 

SFO gjev i år eit tilbod til borna på om lag 24 timar i veka fordelt på 5 dagar.  SFO startar kl. 07.00 med morgonope, som varer fram til kl. 08.45. Økta etter skuletid startar etter at 4. skuletime er ferdig (kl. 12.50) på tysdag og fredag, og etter 5. time (kl. 13.55) på måndag, onsdag og torsdag, og varer til kl. 16.30. SFO fylgjer skuleruta heile året.

Delt tid
- gjeld etter skuletid fram til kl. 15.45 kvar dag.

Heil tid
- gjeld i heile opningstida for SFO.

I haust- og vinterferien vert det tilbod om SFO på Foldnes skule, Brattholmen skule eller Knappskog skule. Ein kan søkje om å få vere med på dette tilbodet, som ein må betale ekstra for.

SFO ved Tellnes skule held til i 1. klasse sitt klasserom og eit tilstøytande grupperom som er innreidd til kjøkken.

FORELDREBETALING

Fylgjande betalingssatsar gjeld:

Heil tid utanom ferievekene         kr. 1750,-/mnd.

Delt tid utanom ferievekene         kr. 1250,-/mnd.

Haustferien                              kr. 700,-/veke

Vinterferien                              kr. 700,-/veke

Syskenmoderasjon: 

25% for det andre barnet

50% for det tredje barnet

Ingen syskenmoderasjon i ferievekene

Betaling for SFO skjer i 10 månader pr. år. Betalingsfrist er den 30. i månaden. Første innbetaling 30. september gjeld for august og september (1 og ½ månad). Siste innbetaling gjeld ein halv månad (juni).

Til toppen  Tilbake

SØKNAD OM OG OPPSEIING AV PLASS

Søknad om plass i skulefritidsordninga skal sendast til skulen innan 1. april. Alle barn på 1. – 4. årssteg kan søkje om plass i SFO. Søkjaren får skriftleg melding om plass. Når ein har teke imot plass i SFO, er minste bindingstid 3,5 månader frå oppstarten i august. Dersom plassen i SFO vert sagt opp i løpet av skuleåret, er oppseiingstida to månader. Oppseiinga gjeld frå den 1. i månaden. Dersom ein seier opp etter 1. april, må ein betale t.o.m. juni månad.

 

 

ELEVTAL

Ved starten av skuleåret 2009-10 var det 19 born påmelde til SFO.

 

 

TELEFON

SFO ved Tellnes skule har eit direktenummer som kan brukast når du vil gje beskjedar direkte til dei som jobbar i SFO. Telefonnummeret er:

55 09 76 85

 

PERSONALET

Rektor har det pedagogiske og økonomiske ansvaret.

 

Dagleg leiar:
Rektor


Assistentar:   

Lene Bruvik 

Hildegunn Alvsaker

Tove Foldnes

 

 

Til toppen  Tilbake

 

 

ARBEID MED BARNA – MÅL OG METODAR

 

HOVUDMÅL FOR ARBEIDET I SFO

Skulefritidsordninga har eit pedagogisk tilsyns- og aktivitetstilbod for barn i dei fire første klassetrinna i barneskulen. SFO skal gjennom si verksemd dekke barna sine behov for tilsyn, omsorg og læring gjennom leik og sosial utvikling i samspel med borna sitt nærmiljø.

 

TRYGGLEIK

Tryggleik vert skapt ved at barna veit kva som skal skje i SFO, og at dei veit kva som vert venta av dei. Det prøver vi å oppnå ved ein fast dagsrytme, vekeplan og ved faste grenser/reglar for kva som er lov og ikkje lov i SFO. Borna i SFO er svært initiativrike og finn på mange aktivitetar på eiga hand. Det er difor viktig at vi i SFO ikkje blir for organiserte og tek frå dei dette initiativet som dei har. Vi prøver å finne ein balanse.

Til toppen  Tilbake

SOSIAL TRENING

Sosial trening skjer heile dagen i SFO – ved aktivitetar, måltid og arbeidsoppgåver, men kanskje først og fremst gjennom leiken.

Borna treng ofte støtte og rettleiing frå vaksne, og då spesielt i konfliktsituasjonar. For å kunne gripe inn i konfliktsituasjonar på eit tidleg tidspunkt, er det viktig at ein vaksen er i nærleiken og ser kva som skjer. I SFO er det utemiljøet som er minst oversiktleg, og det er her dei fleste konfliktar mellom borna skjer. For å prøve å motverke krangel, uvenskap, slåssing og "dei sterkaste sin rett", prøver vi å organisera dagen slik at det i størst mogleg grad er ein vaksen med borna når dei er ute.

For at borna skal få sosial trening, er det likevel viktig at den vaksne ikkje løyser/tek avgjerd i konflikten, men prøver å rettleie borna til sjølv å finne ei konstruktiv løysing.

Til toppen  Tilbake

DAGSRYTME FOR SFO

MORGON

Kl. 07.00   Velkomen til SFO

      Fri leik inne.

Kl. 07.45   Frukost (medbragt matpakke)

Kl. 08.45   Morgon-SFO slutt. Friminutt til skulen startar.

 

ETTER SKULETID

Tysdag og fredag:

Kl. 12.50 Friminutt

Kl. 13.00 Velkomen til SFO

    Det vert registrert at borna er på plass.

Kl. 13.00   Fri leik ute/inne

 

Måndag, onsdag og torsdag:

Kl. 13.55 Friminutt

Kl. 14.05 Velkomen til SFO.

      Det vert registrert at borna er på plass

     

Kl. 14.05 Matpause

    Borna et nista si. Får vatn og frukt/grønsaker av SFO.

    Kvar TYSDAG vert det laga til mat i SFO. Borna treng  difor ikkje
    niste denne dagen

Kl. 14.25 Fri leik ute/inne

Kl. 15.30 Rydding

Kl. 15.40 Born som skal reise med bussen, blir følgde til busshaldeplassen.

Kl. 16.30 SFO er slutt

 

På måndagar, onsdagar og torsdagar, når SFO startar kl. 13.55, startar dagen med matpausen. Deretter blir det som vist ovanfor.

Til toppen  Tilbake

STARTEN PÅ ØKTA ETTER SKULETID

For å markera overgangen frå undervisning til fritid, må borna kvar dag kome inn i SFO-rommet og snakke med assistenten, som vil ynskja velkomen til SFO. Vi kryssar av for å vite kven som er til stades og vekslar nokre ord om kva som skal skje, eller spør om saker som borna er opptekne av.

 

MÅLTID

Kvar dag har vi eit fellesmåltid med matpakke, drikke og frukt/grønsaker. (Dei som er i SFO om morgonen, har også frukost i lag.) Ein dag i veka (tysdag) vil det bli laga eit enkelt måltid i staden for matpakka. Borna får hjelpe til med matlaginga. Borna får òg vere aktive med å dekke bordet, og vi øver på god bordskikk.

Til toppen  Tilbake

EKSTRA KLEDE

Når barna er ute og leikar, hender det at dei blir våte. For at dei ikkje skal gå rundt og vere våte, må dei ha med seg KLESSKIFT. Tøyet må MERKAST GODT med namn på kvart plagg. Det kan liggje på skulen til barnet får bruk for det, slik at dei slepp å bere det fram og tilbake kvar dag.

 

LEKSELESING

Dersom nokon av foreldra ynskjer at borna skal få hjelp til lekselesing i SFO, må dei melde frå til rektor eller assistentane, så vil vi prøve å få dette til i den grad det er mogleg innanfor dei rammene vi har.

Til toppen  Tilbake

ENDRINGAR

Dersom borna ein dag skal gå tidlegare eller seinare enn det som er vanleg, MÅ rektor/assistent få skriftleg melding frå foreldra. Melding kan òg gjevast over telefon til skulen: 55 09 76 80. Ved meldingar direkte til SFO brukar ein tlf.nr. 55 09 76 85.

 

Til toppen  Tilbake

 

ÅRSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA 
VED TELLNES SKULE

August/september

Tryggleik/daglege rutinar. Fri leik. Vi haustar grønsaker og poteter. Lagar grønsaksuppe.

Oktober

Haustfargar/blad. Fellesbilete/enkelt bilete. Fri leik.

November

Ein del ute. Fri leik. Inneaktivitetar som spel, forming og annan leik.

Desember

Adventstid med samling. Juleverkstad. Bake julekaker. Grautfest. På godvêrsdagane er vi ute.

Januar/februar

Snø? Uteleik og innekos.

Mars

Påskeverkstad/påskelunsj.

April

Våren kjem. Vi sår blomsterfrø og gulrot.

Mai

Set poteter. Uteleik. Vårreingjering. 17. mai.

Juni

Vi ryddar i utstyret vårt og avsluttar uferdige arbeid. Mykje uteleik.

Generelt
Vi brukar gymsalen til ballspel og aktivitetar som treng stor inneplass.
Byggje hytte som eit prosjekt gjennom heile året.
Vi legg vekt på å lære borna nye og gamle leikar.
Fleire aktivitetar i sløydrommet. 

 Til toppen  Tilbake