Velkomen til Straume barnehage

Straume barnehage ligg sentralt på Straume med god tilgang til offentlege møteplassar og bibliotek.

Foldnesmarka, «Indianerskogen» og skogen i Arefjord brukar vi til turar og utforsking.

Vi har ein avdeling med 9 barn frå 0-2år og to store avdelingar med 18 barn frå 2-6 år. Barnehagen er open frå 07.00- 16.30. Barnehagen er ikkje så stor slik at alle kjenner kvarandre godt, både vaksne og barn.  Vi har eit variert og  kupert uteområde som gjer at barna får utfalde seg motorisk.

Satsningsområdet vårt er realfag, men vi gjev eit allsidig tilbod og har auka fokus på musikk, fysisk fostring og naturopplevingar. Barna får medvirke i sin kvardag saman med trygge, omsorgsfulle vaksne som ser dei.