Ren hånd premie til barnehagen vår

Svingen barnehage vant premie for å ha delteke på undervisningsopplegget Ren hånd. Dette gjekk ut på å ha ekstra fokus på god handhygiene.

Barna song vaskesong ved handvask, var vaskesjef heime, fargela virus og bakterier i ulike fasongar, lærte om korleis bakterier vert spreidde, og kvifor det er så viktig å vaska hendene.

Diplom og pengepremie

Fredag 15. oktober kom to representantar frå miljøretta helsevern og delte ut diplom og ein pengepremie på 5 000 kroner. Barna song vaskesangen og svarte på enkle spørsmål om handvask. Pengane skal brukast til sosiale aktivitetar og opplevingar som vil koma barna til gode.

Tekst: Heidi Angeltveit

Comments are closed.