Velkomen til Tellnes skule

Tellnes skule er barneskulen for bygdene lengst sør i Fjell kommune på Sotra: Kallestadvik, Kallestad, Trengereid, Dala, Tellnes og Haganes.

Skulen ligg ved RV 555, som går sørover til Sund kommune. Den mykje trafikkerte og farlege skulevegen gjer at dei fleste borna på Tellnes skule får gratis skuleskyss til og frå skulen.


Sommarferie SFO

Elevane i 1.-4. klasse (skuleåret 2017/2018) på Tellnes skule får tilbod om ferie-sfo på Skogsvåg skule. Du kan søkje her: (velg ferie-sfo) https://www.sund.kommune.no/selvbetjening/EpostLogin.aspx?MId1=61&returnurl=%252fSelvbetjening%252fskjema.aspx%253fskjemaid%253d166%2526MId1%253d59

Søknadsfrist: 25. mai 2018

Du kan også søkje ferie-sfo på Bjorøy skule, Brattholmen skule og Ågotnes skule. Spesialavdelinga på Hjelteryggen har ferietilbod for barn med spesielle behov på eigne vilkår. Ope for barn i alle krinsar.
Du kan søkje her: https://www.fjell.kommune.no/skjema-a-a/pamelding-ferie-sfo/

Søknadsfrist: 03. juni 2018

Kommunestyret har vedteke å leggje ned Tellnes skule

Kommunestyret vedtok måndag 7. mai å leggje ned Tellnes skule med verknad frå 31. juli 2018.

Kommunestyret slutta seg dermed til innstillinga frå komité for drift og forvaltning der det heiter at elevane på Tellnes skule vert overførte samla til Skogsvåg skule i Sund. I vedtaket heiter det at det vert fremja eiga sak om etterbruk av skulebygning og uteareal.

Skulesjefen vil i samarbeid med leiinga på Tellnes og Skogsvåg skular følgje opp vedtaket og leggje til rette for at elevane også frå neste skuleår av får eit godt, trygt og fagleg undervisningstilbod. Skulane har allereie starta arbeidet med samanslåinga. Under følgjer litt informasjon om prosessen vidare:

Informasjonsmøte:
Føresette på Tellnes skule vil om kort tid bli kalla inn til foreldremøte med omvising på Skogsvåg skule.
«Bli kjent-dag»:
Elveane vert også inviterte på besøk til Skogsvåg skule før ferien.
Skuleskyss:
Alle elevane i noverande Tellnes krins vil frå hausten av få skuleskyss til Skogsvåg skule.
SFO:
Alle elevane som skal gå i SFO, må søkje på nytt i Sund kommune. De finn søknadsskjema på kommunen sine heimesider. NB! Viktig at dette vert gjort så raskt som råd.
Nynorsk/bokmål: Det vil ikkje bli reine klassar i nynorsk og bokmål på Skogsvåg skule til hausten. Det vil bli gitt meir informasjon om dette på informasjonsmøtet.
1. klasse:
Det vert førskuledag 14. juni.
I tillegg til førskuledag har Skogsvåg skule også fadderdag 23. mai for dei nye 1. klassingane. Det vil kome invitasjon til begge dagane i posten.
Overgangssamtalar, barnehage-skule: Skogsvåg skule vil gjere avtale med barnehagane.

Med helsing
Lisbeth Blix Hjelle
rektor


 

Innstilling om skulestruktur er klar

I dag er det kalla inn til møte i komité for drift og forvaltning den 30. april.

Etter høyringa av sakene om nedlegging av skular, føreslår rådmannen å leggja ned Tellnes skule med verknad frå 31. juli 2018 og Liljevatnet skule med verknad frå 31. juli 2019.

Forslag Tellnes skule
1. Tellnes skule vert lagt ned med verknad frå 31.07.18.
2. Elevane ved Tellnes skule vert overført samla til Skogsvåg skule, under
føresetnad av at kommunestyret i Sund er positiv til slik løysing.
3. Det vert fremja eiga sak om etterbruk av skulebygning og uteareal.

Forslag Liljevatnet skule
1. Liljevatnet skule vert lagt ned med verknad frå 31.07.19.
2. Elevane ved Liljevatnet skule vert overført samla til Brattholmen skule.
3. Kulturskulen held fram i lokala til Liljevatnet skule.
4. Skulen vert etter nærare utgreiing teke i bruk til andre kommunale tenester,
t.d. barnehage.
5. Skulen vil framleis vere ein samlingsstad i lokalmiljø til fritid, lag og aktivitet
på ettermiddag og kveldstid.

Desse forslaga skal altså til behandling i komité for drift og forvaltning den 30. april. Kommunestyret gjer endeleg vedtak den 7. mai.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument:

http://sak.fjell.kommune.no/eInnsyn/Dmb/ShowDmbDocument?mId=178&documentTypeId=MI

Konsekvensar av saker om endra skulestruktur

Kommunestyret vedtok den 22. februar at det skal fremjast sak om nedlegging av Tellnes og Liljevatnet skular. Det er ikkje gjort endeleg vedtak, men det er tilrådd å leggja ned Tellnes skule frå 31. juli 2018.

Etter planen skulle komité for drift og forvaltning (KDF) den 6. mars ta stilling til saker om nedlegging av dei to skulane. Som følgje av at ein rapport om befolknings- og elevtalsprognose ikkje kjem til kommunen før 15. mars, er møtet i KDF utsett til den 20. mars. Dersom KDF den 20. mars vedtek å leggja sakene om skulenedlegging ut på høyring, skal kommunestyret etter planen gjera endeleg vedtak den 26. april. Les meir…

Konsekvensar av saker om endra skulestruktur

Kommunestyret vedtok den 22. februar at det skal fremjast sak om nedlegging av Tellnes og Liljevatnet skular. Det er ikkje gjort endeleg vedtak, men det er tilrådd å leggja ned Tellnes skule frå 31. juli 2018.

Etter planen skulle komité for drift og forvaltning (KDF) den 6. mars ta stilling til saker om nedlegging av dei to skulane. Som følgje av at ein rapport om befolknings- og elevtalsprognose ikkje kjem til kommunen før 15. mars, er møtet i KDF utsett til den 20. mars. Dersom KDF den 20. mars vedtek å leggja sakene om skulenedlegging ut på høyring, skal kommunestyret etter planen gjera endeleg vedtak den 26. april.

I saka til møtet i KDF den 20. mars vert det vist til to moglege løysingar for elevane på Tellnes skule. Den eine løysinga er at alle elevane frå hausten 2018 skal gå på Ulveset skule. Den andre tek også utgangspunkt i at elevane skal gå på Ulveset skule, men at dei som bur i områda Kallestad og Trengereid kan få velja mellom skuletilbodet på Skogsvåg skule i Sund og Ulveset skule.

Her kan du lesa saka som først skal til behandling i KDF: http://sak.fjell.kommune.no/eInnsyn/Dmb/ShowDmbDocument?mId=176&documentTypeId=MI

Uansett kva endeleg vedtak vert i kommunestyret, vil vi som rektorar på Tellnes og Ulveset skular gjera alt vi kan for at elevane også frå neste skuleår av får eit godt, trygt og fagleg undervisningstilbod.

Etter møtet i KDF den 20. mars, kjem vi tilbake med meir konkret informasjon.

Med vennleg helsing

    Lisbeth Blix Hjelle                                                    Solveig Ellingsen
rektor, Tellnes skule                                               rektor, Ulveset skule

Innskriving til skulestart, hausten 2018

Som de sikkert har fått med dykk i media, etc., er Tellnes skule si framtid noko usikker. Det er p.t. ikkje fatta politisk vedtak om skulen vert lagt ned frå hausten av. Fram til vi har endeleg vedtak, planlegg vi som om skulen er i drift, også neste skuleår.

I skulane i Fjell vert det ikkje gjennomført innskriving ved personleg frammøte. Tellnes skule ber føresette med barn som skal gå på skulen om å registrere barnet som elev på skulen frå neste skuleår. Innskriving av barnet, gjer de på www.fjell.kommune\innskriving.
NB! Til feltet ønskje om målform; Gjer oppmerksam på at de ikkje kan velje målform på Tellnes skule. Her har alle elevane nynorsk.

Søknad om plass i SFO skal også gjerast elektronisk. Søknadsskjema finn de her www.fjell.kommune.no/barnehage-og-skule/sfo/
Søknadsfristen er 1. mai.

Det vert førskuledag fredag 1. juni, og i samband med den vert det også foreldre-/informasjonsmøte. Invitasjon vil kome.

Ber om at de fyller ut søknad om skuleskyss og sender det tilbake til skulen innan 9. mars. Eller de kan kome innom på skulen med det. De er hjarteleg velkommen!

Med venleg helsing

Lisbeth Blix Hjelle
rektor

 

Foreldreundersøkelse

Som dere kanskje har sett i avisene den siste tiden, så har Komité for drift og forvaltning i Fjell kommune fremmet forslag om flytting av elevene på Tellnes skule til Skogsvåg skule i Sund f.o.m. høsten 2018. Her er ingenting sikkert. Men en ting som er sikkert – er at fremtiden til Tellnes skule er usikker.

Vi i FAU ved Tellnes skule ønsker å få et rett bilde av hva foreldre/foresatte mener om denne saken. Så her er et avkrysningsskjema som vi ønsker at alle svarer på. Ett svar pr. husstand. Frist tirsdag 14. november kl. 15.00. 

Hilsen FAU ved Tellnes skule

Klikk her for å svare på undersøkelsen