Velkommen til Tranevågen ungdomsskule

Tranevågen ungdomsskule opna hausten 2010. Skulen er ein baseskule med ulike romløysningar. Kvart trinn har eigen base og eigen avdelingsleiar. For tida har skulen 413 elevar og eit personale på 80. Vi har mottaksgruppe for framandspråkeleg elevar i ungdomsskulealder, og får elevar frå heile Fjell kommune.


Neopolis – eit internasjonalt prosjekt

Tranevågen Ungdomsskule har sidan 2013 delteke i fleire europeiske skuleprosjekt via Comenius og Erasmus+. Gjennom desse prosjekta har elevane blitt kjend med ulike kulturar og fått utvikla ein respekt og ein forståing av at vi tross alt ikkje er så forskjellige. Det er blitt knytt sterke band og venskap som vil vare.

 

I år er vi i gong med eit nytt Erasmus+-prosjekt som heiter Neopolis. Namnet er gresk og tyder “ny by”, og prosjektet handlar om at vi saman med våre partnarland, Storbritannia, Nederland, Spania og Portugal, skal skape den ideelle berekraftige byen for framtida. Prosjektet går over to år, og i løpet av den perioden skal det vere samlingar i Spania, Storbritannia og Norge.

 

I veke 11 2019 reiste seks elevar frå valfaget Internasjonalt samarbeid saman med to lærarar frå prosjektgruppa til Albacete i Spania. Her hadde vi ei flott veke kor prosjektet vart symbolsk starta ved planting av blomsterfrø frå dei fem ulike landa i prosjektet. Dei norske elevane presenterte fordelar og ulemper med heimstaden vår, og vi fekk høyre korleis det var i dei andre landa. Deretter skulle elevane jobbe i transnasjonale grupper og bli einige om dei beste punkta frå kvart land. Desse punkta tek vi med oss i mai til Peterlee, Storbritannia for vidare i planlegging av den beste byen for framtida! Om du vil lese meir om prosjektet og om korleis elevane hadde det på turen til Spania, så besøk prosjektet si lokale nettside: https://sites.google.com/oygardenskule.no/neopolis/

 

Vidar Steffensen

Prosjektkoordinator, Erasmus+

Kreativ samtalegruppe – arbeid med unge flyktningar

Hausten 2018 fekk Liv Hege Pedersen (helsesjukepleiar for flyktningar), Rana Albaraim (miljøarbeidar/tolk) og May-Gunn Heimark (rådgjevar for minoritetsspråklege elevar) opplæring i «Gruppeleiar, kreative samtalegrupper» i regi av RVTSvest.

Målet med arbeidet er å styrkje ungdommane si motstandskraft, førebyggje psykiske helseplager og handtere traumatiske livserfaringar.

Me har hatt 12 samlingar med ei gruppe syriske elevar frå innføringsgruppa, der me har jobba med tema som søvn, sjølvregulering, avspenning og kva ein kan gjere når ein har det vanskeleg. Metodane me har brukt er historielaging (eit fiktivt narrativ med element frå eiga erfaring), kreative metodar, psykoedukative metodar, ritual, song og høgtlesing.

Arbeidet munna ut i historia  «Jud sin flukt fra krigen».

Me fekk hjelp til å samle historia og illustrasjonar elevane har laga til eit hefte.

  1. april presenterte me arbeidet på ei samling for helsesjukepleiarar og jordmødre i Fjell, Sund og Øygarden. Elevane las utdrag frå historia, og responsen var svært positiv. Fleire av tilhøyrarane sa dei hadde fått eit betre innsyn i korleis det er å flykte, og at detaljar i historia gav forståing på eit anna nivå enn dei hadde før.

Sjølv om elevane var nervøse før presentasjonen, vart det ei god oppleving der dei fekk kjenne på meistring og stolthet over arbeidet sitt.

Kantina

Det er no mulig å få kjøp klippekort i kantina. Kortet vil koste kr. 225,-. Klippa er på kr 5,-  og kr 10,-  og brukes i staden for kontanter.

Elevar og lærarar frå Tranevågen imponerte i Oslo

Dyktige elevar frå 9. og 10.trinn, saman med to av sine lærarar representerte Fjell kommune på Deep Learning-konferansen i Oslo. Vi som skule er imponert over dei dyktige og reflekterte elevane og lærarane våre.

Det var spente elevar og lærarar som entra podiet på samlingen til Deep Learning society i Oslo 30. oktober. Dei var utfordra til å seie noko korleis Tranevågen ungdomsskule arbeider for å få til ei undervisning der elevane får ei varig og djupare læring i sine timar. Elevane Isak Silde Feste og Thomas Mikal Hornes fra 9. trinn, Oliver Toft og Thea Omland Dyrøy frå 10.trinn, var saman med to av lærarane sine, Wenche Langva Fjell og Siri Anita Lilletveit, klare på korleis Tranevågen driv undervisning som skal hjelpe elevane med å utvikle kunnskap og ferdigheter dei vil trenge i framtida.

Vi er stolte av det dei formidla til 10 andre kommunar om kva som er fordelane med at dei blir utfordra til å vere aktive og hjelpa kvarandre til å få best mogleg læring. Dei formidla tydeleg at det å klare å sjå samanhengar på tvers av fag, sjå ting frå ulike perspektiv og at alle får sjansen til å komme med sine svar på opne oppgåver, gir opplevinga av både meistring og læring.

Tranevågen er, saman med dei andre skulane i Fjell, med på å utvikle ein praksis der elevane får ein kompetanse som dei vil trenge for framtida. Dei får ikkje berre ein kompetanse i faga, men får og reiskapar som dei nytta når dei må lære noko nytt på eigen hand. Det vil vere viktig i ei verd som utviklar seg raskt.

dig

Unicef-runden

Onsdag 20.juni kl 11-13. arrangerer vi Unicef-runden på Tranevågen ungdomsskule. I den forbindelse vil vi invitere foresatte, næringsliv og andre til å sponse, møte opp på tribuner og heie frem elevene rundt løpebanen på Ågotnes. Pengene som samles inn, gir afrikanske barn skolegang og håp om en bedre fremtid.