Velkommen til Tranevågen ungdomsskule

Tranevågen ungdomsskule opna hausten 2010. Skulen er ein baseskule med ulike romløysningar. Kvart trinn har eigen base og eigen avdelingsleiar. For tida har skulen 387 elevar og eit personale på 80. Vi har mottaksgruppe for framandspråkeleg elevar i ungdomsskulealder, og får elevar frå heile Fjell kommune.


UNG 2017

Då nærmer det seg snart jul og elevane på Tranevågen er i full gang med forberedelsen til ein forrykande forestilling i Sotra Arena.

Det vert utstilling og sal frå valfaga frå kl 18.00
Forestilling kl. 19.00
Billettpris kr. 100,-

 

 

 

          MOT TIL Å GLEDE-DAGEN

MOT til å glede-dagen handler om å ha MOT til å bry seg om de rundt seg. Et viktig stikkord er: tenk enkelt! Gled bussjåføren, gode venner, naboen, farfar på aldershjemmet, læreren, bestemor som sitter alene, klassekamerater, butikkansatte, kollegaer eller barna i barnehagen, sier kommunikasjonsansvarlig i MOT, Regine Oen Hatten.

 

Tranevågen for Somalia

Tranevågen ungdomsskule har hatt innsamlingsaksjon, og fått inn 10 000 kr til nødhjelp på grunn av tørke og vassmangel til Somalia.

Det er bestemt at Kirkens Nødhjelp, som driv hjelpearbeid i området, skal få desse pengane.  Kirkens Nødhjelp er særleg engasjert i å gje reint og stabilt vatn til alle.

Les meir…

Nye leiarar ved Tranevågen

Johnny Eide går av med pensjon frå og med 01.08.17.  Rune Golf har takka ja til denne stillinga frå same dato.  Vi ynskjer han velkommen til skulen!

Kjersti Hatletun Andersen, som har vore lærar ved skulen, er tilsett som ny avdelingsleiar etter at Brynhild Enerhaug blir pensjonist.  Ho har no eit engasjement ho ynskjer å fullføre i Bergen kommune, og tek til 01.01.18.  Fram til den tid vil det bli tilsett ein konstituert avdelingsleiar.

Demokratikonferanse

«28. til 30. mars var tre av elevene våre fra 9. trinn i Oslo og på Utøya sammen med en lærer. Formålet med reisen var at de deltok på konferanse om dialog, demokratisering og for å forebygge hatefulle ytringer.

Konferansen er et sammarbeid mellom Det Europeiske Wergeland Centeret og Raftostiftelsen i Bergen. Deltakerne fikk delta på og fikk lære hvordan man gjennomfører praktiske øvelser for hvordan diskutere og reflektere rundt standpunkt som kan være kontroversielle. Elevene som deltok skal i løpet av våren 2017 rundt i alle klassene på 9. trinn for å fortelle om turen og gjennomføre noen av øvelsene de lærte på Utøya.»

Tranevågen for Somalia

I slutten av mars heldt morsmålslærar i somali, Abdullahi Ali Ishak, og «WayForward» ved Richard Kiwanuka ein informasjonsforelesning til alle elevane på skulen om svoltkatastrofen som utspelar seg i Aust-Afrika.

Etter dette hadde Tranevågen ungdomsskule ein aksjon for å samle inn pengar for å hjelpe.  Då var det sal av ulik mat i kantina, og det var mogleg å gje pengar på bøsse.

Til saman 10 000 kr står på «WayForward» sin konto.  Det er bestemt at Kirkens Nødhjelp, som driv hjelpearbeid i området, skal få desse pengane.

Dette vil bli overlevert i samband med eit arrangement i kantina ein av dagane før ferien.

Skulen takkar elevar og foreldre for tilskot og engasjement for å hjelpe i ein vanskeleg situasjon!

Prosjekt Erasmus+ «The Bridge»

10. trinn er i samarbeid med skular i sju ulike europeiske land.

I veke 13 var seks elevar og tre lærarar til Newcastle, England.  Tema var musikk/drama, og opphaldet var på ein leirskule.

I veke 16 var seks elevar og to lærarar til Slovenia.  Der var dei saman med elevar og lærarar frå Kroatia.