Gratisprinsippet

Gratisprinsippet i skolen

Gratisprinsippet byggjer på Opplæringslova § 2-15. Rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring

Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa.

Grunnen til at opplæringa er gratis er at den skal være inkluderande, slik at alle elevar kan delta på lik linje, uavhengig av økonomisk bakgrunn. Dette gjeld både undervisningsmateriell og faglege og sosiale aktivitetar som skolen arrangerer som ein del av opplæringa. Skolen og kommunen kan heller ikkje krevje eigenbetaling for aktivitetar som er ein del av opplæringa, men som foregår utanfor skoletida. Mat, drikke, nødvendige klede og anna utstyr som ikkje er undervisningsmateriell, vil foreldra måtte dekke.

Du finn meir om gratisprinsippet her:

https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/finn-regelverk/etter-tema/Innhold-i-opplaringen/Gratisprinsippet/