Satsingsområde

Skulen har tre satsingsområde:

Respekt

Respekt er eit skuleutviklingsprogram i regi av Læringsmiljøsenteret v/ Universitetet i Stavanger. Programmet set fokus på forebygging og tiltak mot mobbing, merksemdsvanskar og disiplinutfordringar i barne-og ungdomsskulen. Tydelege rammer, samt gjensidige forventningar mellom vaksne og elevar dannar sjølve grunnlaget for eit trygt og godt læringsmiljø.

Vurdering for læring

All vurdering skal vere for å fremje læring, så elevane skal bli medvitne kva dei må gjere for å betre måloppnåing. I tillegg til læraren si undervegsvurdering skal eleven sjølv delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga fagleg utvikling.

Digitale ferdigheter

Å beherske digitale ferdigheter er ein av dei fem grunnleggande ferdighetene i læreplanen vår, LK06. Dei andre er lesing, skriving, rekning og munnleg bruk av språket.

I tre år har vi hatt såkalla «nettbrettklassar» ved Fjell ungdomsskule og Tranevågen.  Etter kvart er klassar på fleire barneskular og begynt med dette.

Frå og med skuleåret 2017-18 blir dette utvida, og alle elevane på 8. vil etter kvart gå over til å bruke IKT i det daglege arbeidet sitt.  Bruk av vanleg lærebok vil bli bytt ut med tilgjengeleg informasjon på nettet.
I løpet av tre år vil heile ungdomssteget ha endra måten å arbeide på, frå lærebokfokus til fokus på kompetansemåla i læreplanen.

Dette medfører store endringar, ikkje minst for lærarane.  Skulen må finne dei gode metodane for å tileigne seg kompetanse i faga ved å nytte seg av tilgjengeleg informasjon på nettet.  Det set og krav til opplæring i og utvikling av godt skjøn og nettvett.