Respektprogrammet

Programmet er utvikla av Senter for atferdsforskning / Læringsmiljøsenteret ved Universitetssenteret i Stavanger.  Det er ein del av Fjell kommune si satsing på klasseleiingsprogram for alle steg i skulen, og har vore i bruk frå skulen var starta opp i 2010.  Personalet har blitt kursa i korleis dei skal møte ulike utfordringar elevar kjem med.  Programmet gjev ikkje svara, men utforda skulen til å utvikle system for å møte desse utfordringane.

Skulen sine respektreglar

1) Vi snakkar fint til og om kvarandre og behandlar alle med respekt

2) Vi møter presis og førebudd til undervisning

3) Vi følgjer vaksne si rettleiing

4) Vi held orden og tek vare på tinga rundt oss

5) Vi respekterer at alle treng arbeidsro