Ordensreglar

Tranevågen ungdomsskule er ein trygg og triveleg stad å vera. Difor syner vi respekt for kvarandre, tek omsyn til kvarandre og tek vare på skulen vår.

  1. Alle skal visa omsyn og respekt for kvarandre.
    Dette gjeld både i tale og i annan åtferd. Vi har nulltoleranse overfor mobbing, rasisme og annan uakseptabel åtferd.
  2. Låner du utstyr eller læremiddel på skulen, er desse ditt ansvar, og skal leverast tilbake i same stand som då du lånte dei.  Lærebøker skal ha bokbind.
  3. Vi oppheld oss på skulen sitt område i skuletida. Ballspel er tillete på kunstgrasbana, sandvolleyballbana og basketballbana i friminutta. Det må ikkje kastast snøball eller andre ting.
  4. Alt avfall skal i avfallskorger. Ha det ryddig rundt deg, og bidra til at heile skuleområdet vert halde reint og ryddig
  5. Det er ikkje tillete å ha med seg gjenstandar på skulen som kan skada menneske, utstyr eller bygningar.
  6. Ta godt vare på personlege eigedelar. Personlege verdigjenstandar er ikkje dekka av kommunen si elevforsikring.

Tranevågen ungdomsskule er ein stad for læring. Difor møter vi presis til undervisninga og har med oss det utstyret vi treng. Vi tek omsyn til dei andre, syter for arbeidsro og leverer arbeid til avtalt tid.

7.   Du skal møta til undervisninga til rett tid og ha med nødvendig utstyr for opplæringa. Mykje gløyming av utstyr og lekser vil medføra nedsett ordenskarakter. Om ein     ikkje arbeider eller følgjer med i timane, går det også ut over ordenskarakteren.
8.   Fråvær skal dokumenterast av dei føresette. Ugyldig fråvær kan føra til nedsett ordenskarakter.
9.   I timane skal det være ro når arbeidet krev det. Vi må ta omsyn til andre som treng arbeidsro. Mobiltelefon er ikkje tillete å bruka i skuletida. Telefonen skal vera avslått og oppbevarast i garderobeskåpet eller skulesekken. Anna privat elektronisk utstyr kan berre brukast når lærar tillet dette.
10.   Yttertøy skal hengja i garderoben og utesko skal stå under eller i skåpet.
11.   Vi tek vare på vår eiga og andre si helse. Sunn mat gjev god læring, og vi tek til vanleg ikkje med oss snop og brus på skulen.
12.   All bruk av, eller reklame/symbol for, tobakk, snus eller andre rusmiddel på skulen sitt område er ikkje tillete og kan føra til nedsett åtferdskarakter.
13.   Bruk av skulen sitt datautstyr og Internett skal vera i samsvar med Fjell kommune sine reglar for nettvett (sjå tillegg 3).
14.   Ordensreglane gjeld på skulen/skulevegen og arrangement/turar som skulen står for.

Sanksjonar:

Dersom ordensreglane vert brotne, kan fylgjande sanksjonar takast i bruk:

  • Munnleg/skriftleg åtvaring frå lærar/avdelingsleiar.
  • Skriftleg merknad.
  • Kontakt med heimen.
  • Attsitjing eller parade med pålagde oppgåver.
  • Inndraging av mobiltelefon eller anna privat elektronisk utstyr, -vert levert tilbake ved  slutten av skuletida same dag.
  • Inndraging av ulovlege eller farlege gjenstandar vert evt. levert til politiet.
  • Skadeverk medfører at eleven må rydda opp / utbetra skaden, og dei føresette er erstatningsansvarlege for inntil kr. 5000.
  • Bortvising frå skulen for resten av skuledagen etter rektor si avgjerd.
  • Bortvising frå skulen for 1-3 dagar etter rektor si avgjerd.
  • Mellombels eller permanent byte av gruppe/klasse/skule.
  • Nedsett karakter i orden og/eller åtferd.

Straffbare høve vert meld til politiet, jfr. pkt. 2 i tillegget.

Presiseringar:

Krenkande og ulovleg åtferd er til dømes:

  • Fotografering av medelevar og utlegg av bilete og negativ omtale på nettet.
  • Negative sms, mms, chat, e-post ryktespreiing
  • Rasistiske utsegn og handlingar
  • Seksuell trakassering
  • Sjikane på grunn av religion, legning eller livssyn
  • Hærverk
  • Valdsbruk
  • Mobbing
  • Trugsmål

Sakshandsaming ved brot på reglane: 

  • Før skulen tek stilling til kva for sanksjon som skal nyttast overfor eleven, har eleven rett til å uttale seg i saka.
  • Ved bortvising frå undervisninga 1-3 dagar eller mellombels / permanent byte av gruppe/skule er dette å rekna som eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.  Då kan vedtaket klagast på.  Klagen skal sendast til Fylkesmannen via skulen.  Klagefristen er 3 veker frå det tidspunktet brev med sanksjonar vert motteke.

Tillegg:

1. Ved straffbare høve vert politiet kontakta. Straffbare høve kan vera tjuveri, lekamsskading, tvang, truslar mm. Slike høve kan og føre til nedsett åtferdskarakter.

2. Opplæringslova §2-9:    Kommunen skal gi forskrifter om ordensreglement for den enkelte grunnskolen. Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om åtferd, reglar om kva tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet og reglar om framgangsmåten når slike saker skal behandlast.        

  Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

  Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast. Før det blir teke avgjerd om refsing, blant anna om bortvising, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.