IKT

3.  IKT-REGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I FJELL KOMMUNE   4.-10.TRINN 

1. Føremål

  • Målgruppa for reglementet er elevar i skulen.
  • Reglementet avklarar akseptabel bruk av informasjons- og
    kommunikasjonsteknologi for målgruppa.
  • Reglementet søkjer å hindre utilsikta og uønska hendingar.
  • Reglementet vil verne om brukarar og tryggje den pedagogiske
    læringssituasjonen.
  • Reglementet skal bidra til å avgrense roller, rettar og plikter for elevar og
    kommunen.

2. Omfang

  • Bruk av kommunen sitt IKT-utstyr som vert disponert ved skulane.
  • Bruk av privat IKT-utstyr i skulesamanheng og/eller via kommunen sitt
    nettverk.
  • Bruk av programvare som kommunen har gjort tilgjengeleg.
  • Publisering av innhald på nett og kommunikasjon ved bruk av privat eller kommunalt IKT-utstyr.
  • Elevar sin IKT-bruk utanom skuletid er i utgangspunktet heimen sitt
    ansvarsområde, men  åtferd som har tydeleg tilknyting til skulen kan likevel falle inn under skulen sitt ansvarsområde.

3. Eleven sine rettar

  • Eleven har rett til opplæring i bruk av IKT for å kunne oppnå krava om IKT-
    kompetanse nemnt i Kunnskapsløftet.
  • Eleven har rett på tilgang til velfungerande IKT-utstyr i undervisninga.
  • Alle elevar har rett på lik tilgang til IKT-utstyr i samband med gjennomføring
    av digital eksamen og nasjonale prøver.
  • Eleven har rett til å bli informert om innhaldet i IKT-reglement gjeldande for
    skulen.
  • Kommunen kan berre utlevere opplysningar om ein enkelt elev, eller data som
    tilhøyrer ein elev, der dette kjem fram av inngått samtykkje, vedtekne
    reglement eller følgjer av anna lovgjevande føreskrifter.
  • Eleven har rett til å få med seg private data som skulen ikkje lenger har høve
    til å ta vare på.
  • Skulen vil slette alle personopplysningar om elevane som den ikkje lenger har
    bruk for, men dette gjeld ikkje dersom skulen er lovpålagt å oppbevare
    opplysningane.

4. Eleven sine plikter

  • Elevar pliktar å følgje skulen sine pålegg og instruksar om bruk av IKT-utstyr
  • Elevar på ungdomstrinnet pliktar å sette seg inn i den informasjonen som skulen
    gjev om reglar og vilkår for bruk av IKT-utstyr.
  • IKT-utstyret som er plassert ved den enkelte skule skal handsamast fint.
  • IKT-utstyr som vert brukt i skuletida skal berre nyttast til skulerelaterte
    oppgåver.
  • I skuletida skal privat IKT-utstyr, som mobiltelefonar, bærbare datamaskiner
    og liknande, berre nyttast etter avtale med skulen.
  • Chat, spel, privat e-post eller generell surfing skal berre skje etter avtale med
    skulen.
  • Publisering av innhald på nett og kommunikasjon gjennom kommunen sitt IKT-
    utstyr skal på ingen måte innehalde tekst, bilete, lyd eller video som er av
    støytande art, eller som heng ut enkeltpersonar eller grupper.
  • Digital mobbing skal ikkje førekome uavhengig om det skjer gjennom eige eller
    kommunen sitt IKT-utstyr.
  • Brukarnamn og passord skal haldast hemmeleg og skal berre nyttast av den
    aktuelle eleven.
  • Elevar kan ikkje installere eigen programvare på kommunen sitt IKT-utstyr.
  • Installasjon av programvare på PC-ane som fører til at uvedkomande får tilgang
    til kommunen sitt nettverk skal ikkje førekome.
  • Eleven pliktar å gjere så godt han/ho kan for ikkje å bringe virus eller anna
    øydeleggjande programvare inn i kommunen sitt IKT-utstyr.
  • Eleven pliktar å bruke godt nettvit når han/ho nyttar kommunen sitt IKT-
    utstyr.
  • Eleven pliktar å undersøkje og respektere opphavsretten til materiale som
    tekst, bilete, musikk, film eller lyd som vert lagt ut på heimesider,
    fellesområde og bloggar.
  • Eleven må få samtykkje frå medelevar/føresette til å leggje ut bilete, lyd og
    video av dei.
  • Elevar pliktar å varsle skulen ved mistanke om at andre bryt reglementet.

5. Inngrep og sanksjonar

  • Brot på IKT-reglane kan føre til sanksjonar frå skulen/kommunen.
  • Skulen har eit ansvar for å gripe inn ovanfor elevar som mobbar eller
    trakasserer lærarar eller andre elevar.
  • Bruk av skulen sitt IKT-utstyr som er i strid mot norsk lov kan bli anmeldt.
  • PC’ar som vert nytta under eksamen kan bli kontrollert før og etter
    gjennomførd eksamen for å avdekke forsøk på juks.
  • Elevar som mobbar, diskriminerer eller trakasserer andre ved bruk av
    kommunen sitt IKT-utstyr kan bli utestengt frå all IKT-bruk i ein periode
    fastsett av skulen. Særskilt alvorlege hendingar kan bli anmeldt.
  • Elev som utøver skade på kommunen sitt IKT-utstyr kan bli halden
    erstatningsansvarleg.
  • All datatrafikk ved den enkelte skule kan bli logga.
  • Brot på IKT-reglementet kan også føre til sanksjonar forankra i skulen sitt
    generelle ordensreglement.

6. Ansvarsfråskriving

  • Kommunen er ikkje ansvarleg for tap av data eller skade på IKT-utstyr som skuldast tilhøve utanfor kommunen sin kontroll.