Kantine

Kantina

Her på Tranevågen ungdomsskule har vi ei flott kantine som er open i storefri fire dagar i veka. For at alle skal få seg mat i tide, har vi fleire utsalsstader i kantina.

I kantina kan elevane handla sunn mat som yoghurt, rundstykke, knekkebrød, pålegg, juice og mjølk.

Elevar hjelper til med å smørje rundstykke til kantina. Det er mange elevar som handlar i kantina så det kan vera lurt å ha med matpakke dersom ein vil unngå å stå i kø.