Tranevågen for Somalia

Tranevågen ungdomsskule har hatt innsamlingsaksjon, og fått inn 10 000 kr til nødhjelp på grunn av tørke og vassmangel til Somalia.

Det er bestemt at Kirkens Nødhjelp, som driv hjelpearbeid i området, skal få desse pengane.  Kirkens Nødhjelp er særleg engasjert i å gje reint og stabilt vatn til alle.

Fredag 2. juni vart dette markert i kantina vår.  Lærar frå Somalia, Abdullahi Ali Ishak, tok initiativet til aksjonen.  Richard Kiwanuka frå WayForward har hjelpt til.  Gunnar Kartveit frå Kirkens Nødhjelp tok i mot pengane, og hadde ei lita orientering om Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med vatn.  Han takka hjarteleg på vegne av organisasjonen!

Skulen takkar elevar og foreldre for tilskot og engasjement for å hjelpe i ein vanskeleg situasjon!

Comments are closed.