Tranevågen for Somalia

I slutten av mars heldt morsmålslærar i somali, Abdullahi Ali Ishak, og «WayForward» ved Richard Kiwanuka ein informasjonsforelesning til alle elevane på skulen om svoltkatastrofen som utspelar seg i Aust-Afrika.

Etter dette hadde Tranevågen ungdomsskule ein aksjon for å samle inn pengar for å hjelpe.  Då var det sal av ulik mat i kantina, og det var mogleg å gje pengar på bøsse.

Til saman 10 000 kr står på «WayForward» sin konto.  Det er bestemt at Kirkens Nødhjelp, som driv hjelpearbeid i området, skal få desse pengane.

Dette vil bli overlevert i samband med eit arrangement i kantina ein av dagane før ferien.

Skulen takkar elevar og foreldre for tilskot og engasjement for å hjelpe i ein vanskeleg situasjon!

Comments are closed.