Fråver på vitnemålet

Foreldre kan kreve at årsaka til fråveret blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dei kan og krevje at inntil ti dagar kvart skuleår ikkje blir ført på vitnemålet.

De som føresette må sende ein søknad om å stryke dagar, og legge ved dokumentasjon (frå lege eller annan som kan skrive ut sjukmeldingar, eller svar på permisjonssøknader).  For at vi skal ha tid å ordne det på vitnemålet, må vi ha det før 1. juni det året eleven går i 10. klasse.  Alt blir ordna av kontorpersonalet ved skulen, lærarane er ikkje involverte.

 NB:  Dette gjeld berre vitnemålet.  I karakterutskriftene elevane får kvart halvår skal alt fråver stå.

Føring av fråver på vitnemålet

Frå 1. august 2010 er det kome ei endring i Forskrift til opplæringslova.

Fråveret eleven har 8. – 10. trinn skal førast på vitnemålet til eleven. Sjå under ordlyden i § 3-41:

§ 3-41. Føring av fråvær i grunnskulen

Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvær førast på vitnemålet. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje vert ført på vitnemålet:

a) dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar b) innvilga permisjon etter opplæringslova § 2-11.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.