Karakterar, karaktersetting og klagerett

På ungdomssteget ( 8.-10. skoleår) skal det setjast terminkarakterar i dei obligatoriske faga og i orden og åtferd.  Åttende og niende trinn har ny termin 20. januar (midt i skuleåret), og får karakterar då og til sommarferien.  Tiende klasse har eit kort arbeidsår, og får terminkarakter til jul.  Standpunktkarakterane får elevane siste halvdel av mai.

Karaktergradane i faga er: 1 – 2 – 3 – 4 – 5 og 6.  1 er dårlegaste og 6 er beste karakter. Karakteren 1 inneber at eleven har oppnådd liten grad av måloppnåing i faget. Karakteren 6 inneber at eleven har oppnådd særleg høg grad av måloppnåing i faget.  Alle karakterar skal setjast i høve til måla i læreplanen (LK06) for faget.  For orden og åtferd er karakter gradane: God (G), Nokså god (Ng), og Lite god (Lg).  Grunnlaget for vurderinga er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skulen.

Skulen gjev tilbod om arbeidslivsfag i staden for språkfag.  Elevane skal ha vurdering med karakter i alle desse faga.  Elevane kan kome opp til munnleg eksamen også i arbeidslivsfag.

Elevane har 57 årstimar valfag, og karakteren er teljande.  Elevane kan velje fag for eitt eller fleire år om gongen.  Vel dei fag kvart år, får dei tre standpunktkarakterar.  Alle desse er det klagerett på.  Då blir poenggjevande karakter eit gjennomsnitt av alle årskarakterane. Vel dei eitt fag for alle tre åra, får dei vanlege karakterar undervegs, og ein standpunktkarakter.  Den siste karakteren eleven får i faget, er ein standpunktkarakter, og då gjeld klageretten.  Den kjem på vitnemålet, og tel ved inntak til vidaregåande skule.

Eleven må gje lærar høve til å vurdere, dvs. møte fram og delta aktivt i opplæringa, ha prøver og framføringar , og på den måten kan lærar få eit bilete av kompetansen til eleven i faget.  Stort fråver eller andre særlege grunnar kan føre til at læraren ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å gje karakter i fag.

Føresette skal varslast dersom eleven står i fare for ikkje å få karakter i fag.
Då får eleven IV (ikkje vurderingsgrunnlag), og får 0 poeng til snittkarakteren.

Klagerett for elevane

Klage skal setjast fram skriftleg og stilast til rektor.

Alle karakterar som skal stå på vitnemålet kan klagast på

  • Dette gjeld også om ein elev ikkje får standpunktkarakter ( pga. for stort fråver eller andre tilhøve).

Kven kan klage?

  • Eleven, eller den han/ho har gitt skriftleg fullmakt, har klagerett.
  • Elev under 15 år må ha skriftleg samtykke frå føresette for å klage.
  • Føresette til ein umyndig elev har sjølvstendig klagerett.

Klagefrist

  • Klagefristen er 10 dagar frå det tidspunktet eleven/føresette er gjort kjende med eller burde ha gjort seg kjende med karakteren.

Korleis kan ein klage ?

  • Klagar ber faglærar om uttale om grunnlaget for karakteren før klage blir sendt.
  • Klage må setjast frem skriftleg, og vere underskriven av klagar eller fullmektig.
  • Klage skal oppgi karakterane det blir klaga over.
  • Klage skal sendast/leverast til rektor.
  • Klage på munnleg prøve, standpunktkarakterar og karakterar i orden/åtferd må grunngjevast.

Klagehandsaming – Standpunktkarakter

  • Rektor gir fråsegn om sakshandsaming, med kopi til klagar.
  • Faglærar gir fråsegn, med kopi til klagar.
  • Rektor sender klaga til klagenemnda.
  • Klagenemnda vurderer om gjeldande reglar for karaktersetjing er følgde. Dersom klagenemnda tar klaga til følgje, skal eleven få ny vurdering.
  • Rektor set endeleg karakter.

Ny karakter

  • Klagehandsaming kan føre til at karakteren blir uendra eller endra til ein betre eller dårlegare karakter.

NB! Reglar om varsling gjeld berre når det ikkje er grunnlag for karakter