Velkommen til Tussetjødna barnehage

Tussetjødna barnehage ligg ved Skiftedalsvatnet på Foldnes i Fjell kommune. Barnehagen er i to bygg. Bjørnehiet ligg i Foldnes kyrkje, der Fjell kommune leiger lokale. Her er det 27 barn over tre år. Humlebolet og Maurtua er i det raude huset rett aust for kyrkja. Her er det to småbarnsavdelingar. Heile barnehagen har felles uteleikeplass.

Satsingsområda våre er: Språk og sosial kompetanse.

Barnehagen ligg i eit skjerma område med god tilgang til naturen i utkanten av Foldnesmarka. Vi nyttar turområda i nærområda kvar veke. Like ved barnehagen er Kyrkjevegen, ein turveg som går til Hjelteryggen. Barnehagen har og bygga ein gapahuk. Den ligg på venstre side, litt innover Kyrkjevegen.

Det er ca 20 min. spasertur til Sartor Senter. Noko nærare ligg Fjell Rådhus, Fjell Sjukeheim og Foldnes skule.

Barnehagen blei opna 22.01.1979 av Bergen Krins av den norske Santalmisjon. Fjell Kommune overtok som eigar i 1994.

Barnehagen heit tidlegare Sotraheimen barnehage. Vi skifta namn i januar 2006. Barnehagen har fått namn etter den vesle tjørna som ligg nord for parkeringsplassen.

Inne  Ute

Leikeplassen  Tunellen

Leikeplassen  Leikeplassen

Oppe i skogen  Dissestativ