Velkommen til Ulveseth barnehage

Ulveseth barnehage er ein kommunal heildagsbarnehage på vestsida av Fjell kommune. Næraste nabo er Ulveset skule. Barnehagen ligg i lunt skogkledd terreng som vert mykje brukt til turar og ulike aktivitetar.

Barnehagen vart opna i mars 1992 og feira dermed 20 års jubileum våren 2012.

Vi er ein tradisjonsrik barnehage med nærleik til natur, utmark og gardsdrift. Vi har eit stabilt personale med høg kompetanse og god kjennskap til kultur og nærmiljø i Ulvesethbygda.

Vi har dei siste åra prioritert desse prosjekta:

  • Overgangen barnehage – skule for skulestartarane
  • Kunst – kultur og kreativitet
  • Musikk – eit utviklingsprosjekt
  • Språk – og språkutvikling
  • Trafikksikring og livredning

 Les meir…

1Barnehagebygget 0031Barnehagebygget 008

1Barnehagebygget 0051Barnehagebygget 014