Velkommen til Ulveset skule

Ulveset skule er ein barneskule som ligg vest på Sotra i Fjell kommune. Sotra er ei langstrakt øy som ligg i Hordaland fylke, like vest for Bergen.


Køyremønster ved levering av elevar

Vi har fått merka opp parkeringsplassen på nytt, og ber alle om sjå på den vedlagte tegninga korleis ein skal køyre.

Vi ønsker å unngå farlege situasjonar, og vil at elevane kjem seg trygt til skulen. Det begynner å bli mørkt om morgonen, og vi minner om at det lurt å bruke refleks.

Det er ikkje tillat å parkere der det er av – og påstigningsrampe (merka med raudt i skissa). Bruk dei oppmerka plassane dersom du skal parkere.

 

 

VI SAMLING FOR HEILE SKULEN

3. trinn hadde i dag ansvar for VI- samlinga  for heile skule.

Tema denne gongen var omsorg. Alle klassane har jobba med tema fram mot samlinga, og det var fokus på kva omsorg er.

3. trinn sang om venskap, sa kva omsorg betyr for dei, og dansa på scenen.

Image

VI SAMLING FOR HEILE SKULEN

Måndag 16. september hadde 1. klasse ansvar for den fyrste VI samlinga dette skuleåret.

Tema for samlinga var ein trygg og god skulestart kor alle er inkludert.
1. klasse sang ulike songer, og det blei snakka om klassereglar, ordensreglar og korleis vi kan skape eit godt miljø for trivsel og gjensidig respekt.


Nye rektor, Cecilie Dahl sa
også nokre ord om kor viktig det
er at vi har eit godt og trygt skulemiljø.

Velkomen til skulestart torsdag 15. august

1.trinn kl. 09.00-12.45 oppmøte i gymsalen.

2.-7. trinn kl. 08.30 oppmøte på skuleplassen.

2.trinn er ferdig kl. 12.45
3.-7. trinn er ferdig kl. 14.00

Oversikt over skuleveka finn du her: Timeplan 2019-2020

De som har søkt om skuleskyss vil få utlevert busskort denne dagen.

Vi gler oss til å sjå deg.

Rektor takkar for seg

Eg vil med dette informere om at eg på grunn av helsa har sagt frå meg stillinga som rektor ved Ulveset skule. Stillinga vil bli lyst ut etter gjeldande lovar og reglar.

Mvh Solveig Ellingsen

1.klasse-elevar – skuleåret 2019-2020

1.klasse-elever hausten 2019

Vi ønskjer å invitere nye 1. klasse-elevar til førskuledag 7. juni kl. 09.30-12.30. Invitasjon med nærmare informasjon kjem heim i posten til elevane i løpet av  vinterferien.

Digitalt skjema for innskriving til 1. trinn finn du her. Fylles ut innan 8. mars.

Treng barnet ditt SFO plass kan du søkje her. Påmelding innan 1. mai.

Har barnet ditt rett på skuleskyss? Info om rett til skuleskyss

Søknad om skuleskyss grunna avstand – ordinær skyss 2019-2020

Søknad om skuleskyss på særleg FARLEG skuleveg

Velkomen til Ulveset skule!